Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

Årsavslutning

Torsdag 19.mai møtte 20 bygdelagskvinner ved Jokerbutikken i Skarsmo.. Det var tidlegare avgjort at me skulle på tur som avslutning på arbeidsåret.  Målet var Kinsarvik og Huse Gard.

Med fylte fem bilar og drog av garde. Sidan me møtte kl 11 og skulle vera på Huse Gard kl 1500 hadde me god tid.  Det var ein fin tur ut Sørfjorden der bløminga var i full gang. Kinsarvik er nok ikkje den store byen men  dei har nokre fine butikkar og det blei handling på damene. Kaffi og litt å bita i blei det og tid til( (.

Så møtte me på Huse Gard etter litt leiting (ikkje altid like lett å finne fram i store byar) Huse Gard var ein fin gammal gard.  Vi blei godt mottekne og fekk skikkeleg innføring i gardens historie og kva dei dreiv med.

Dei tilbaud overnatting og servering til turistar.  Og held selskap og servering for dei som ynskte det.  Vi hadde tinga middag og dessert og vi fekk nydeleg oksesteik med lekre småpoteter,fine grønnsaker, blomkålpure og svært god saus.  Til dessert fekk med amerikansk ostekake. .  I det heile ein svært god middagsstund.

Mette og gode drog vi så heim og var einige om at dette var ein velluka tur.