Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

Epletur 2018

Atter  ein gong har Skare Bygdekvinnelag vore på epletur.  1.november møtte i alt 22 damer opp i Skarsmo  (21 pluss 1 kom på i Oddda)  kl. 12. 00.  Vi fylte opp seks bilar og og la i vei.  Turen var planlagt som ein kombinasjon av noko hyggeleg para med noko nyttig.  På rad og rekkje køyrde vi til Lofthus med planlagt stopp ved "Kompaen" ein hyggeleg kafe og "bistro"  Dette var eint anbefalt serveringsstad der dei skulle ha svært god mat.  Vi blei teken godt imot og fekke tinge den maten vi ynskte. Torsdag var også komledag og mange ville ha komla. Elles ble det både hamburger og sandwich og anna godt.  Veldig god mat sjøl om lokala godt kunne vore varmare.  Dei hadde og mykje anna godt og det vart handla både ostar og sider og anna snadder.  Gode og mette for me derifrå med kurs for Sekse - og eplegarden der me har vore faste kjøparar i fleire år.  Gode Elstar epler vart handla i kassevis sammen med nylaga honning.

Alle var vel nøgde med turen då vi var heime i 18 tida om kvelden-.