Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

Kurs i flatbrødbaking

15 og 16. januar 2018 skipa bygdekvinnelaget til kurs i flatbrødbaking for dei av laget sine medlemmer som var interesserte.  Vi var 15 som deltok.   Vi heldt til på kjøkkenet i Skare Grendahus. Fyrste kvelden lagde vi knoa av 5kg poteter som Gunvor hadde kokt og malt på førehand. Vi brukte oppskrift som laget hadde fra før og knadde inn mjøl før me sette knoa til å godgjera seg natt over .

Dagen etter møtte alle opp klokka 10.00. Vi delte oss i 3 grupper - 5 i kvar og hadde med ein "ekspert" i kvar gruppe. Fire takker var i bruk, mange kjevler og tilhøyrande utstyr Vi delte på oppgåvene  slik at alle i ei gruppe fekk prøve seg på å laga emner, å kjevle og å steike.

Vi hadde og ei god matøkt etter at me hadde hatt skuleborn innom på smaksprøver.

Klokka 15.00 var me ferdige.  Då hadde me 150 flatbrødleivar til å dela. Me var veldig einige om at alle hadde bidratt  med kunnskap og alle hadde noko å læra.