Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

Lappasteiking med 4.klasse.

Elevar frå 4.klasse var spente og ivrige til å laga lappar. I 4.klasse er det 4 elevar. Dei fekk utlevert oppskrift og med god hjelp laga dei røra til lappane.  Me varma opp hella slik at dei kunne begynna med ein gong og steika. Flotte lappar blei det, og dei blei fordelt på elevane. Krye reiste dei heim med baksten sin.

Me i bygdekvinnelaget er alltid glad for at me får hjelpa til. Neste gong er det veitlagraut me i laget skal hjelpa med. Me var 3 frå laget som hjalp til. 

Kari Kvandal, Kari Kvammen og Lillian Akse.