Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

Skulelunsj

Endeleg .. Etter to år med pandemi og elendigheit dekka med til skulelunsj i matsalen på Skare skule 10. mai 2022..  Detta hadde me gledd oss til lenge.  Og ikkje minst hadde skuleungane venta og gledd seg i to år. Dei minste - 1og 2 klasse har jo ikkje vore med på dette før.

18 bygdelagskvinner møtte kl 09.00 og sette i gong. Havrebollar hadde me baka heime.  Me kokte egg, laga eggerøre, pynta store påleggsfat med ost og skinke ,laks og salat, spretne småpylser og ellers alt som er godt å finne på eit bufebord. 

Me dekka på til heile skulen- lærarar og elevar.  Kaffi, te og saft og vatn etter ynskje. Masse frukt på store fat.

Det var lett å sjå at både store og små koste seg med den gode maten.  Det er ei fin oppleving for oss bygdekvinner å laga til slik og sjå at det vert sett pris på. . Det blei sunge skikkeleg for maten og rektor takka og roste oss for stunda.

Kjekt og å sjå den oppdragande effekt bordseta har.  Borna ryddar med seg fat og bestikk og boss.

Då lunsjen  var over hadde  vi eit lite minimøte med nokre viktige saker og så åt me godt.  Det var mykje igjen av maten.

So ei skikkeleg ryddeøkt- strigla kjøkken og vel heim.  Takk for taket.