Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

Verdas matvaredag med aksjon "Bruk heile dyret"

Utdrag frå "LOKALLAGSUTSENDINGEN HAUSTEN 2020"

I anledning "Verdas matvaredag 16.oktober inviterer Norges Bygdekvinnelag alle lokallagene med på aksjonen "Bruk heile dyret". Bruk heile dyret skal væra ein positiv aksjon, der me vil løfta fram norske råvarer, og oldemor sitt prinsipp om at alt som kunne brukast til mat, blei brukt. For oss handler det om "bærekraftig bruk av matressursane våre", og ikkje minst eit ønske om å løfta fram bruken av dei ulike stykningsdelane, som kan gje oss nye og spennande smaksopplevelsar.

I Skare Bygdekvinnelag hadde vi oppe temaet på sist møte. Det blei snakka og fortalt mykje om gamle tradisjonar, mykje hadde ein høyrt om, andre ting var meir ukjent. Muntre og interessante historier rundt temaet.

Et mindretall av oss var på vitjing hos sauebonde og fekk høyra om bruk av sau. Det var kjekt å få høyra om tradisjonar tilbake i tid. Me besøkte og sauene i fjosen.

Sauene er inne, tørre og klare til klypping. Ulla blir pakka i sekk og levert til ullmottak. Lam henta på slakteriet vert delt opp heima. Boger, sider, rygg, lår, klare til salting og røyking. Svanger blir til rullepølsa. 

For ein del år sida var det vanleg å slakta heima, då vart heile lammet nytta. Blodet til blodkorv og blodpannekaker. Hovudet vart svidd, delt i to, gjort reine, salta og røykt. Innmaten vart teke vare på. Det vart laga levrakorv. Ellers vart det laga middagspølsa, grynasteik, pinnakjøtt, spekekjøtt. Tarmane vart gjort reine og brukt når ein laga pølsa.

Nekkena rundt vomma vart smelta, tatt opp i form der det stivna og blei brukt til å smøra på steikehella og til feita i blodkorven.

Me har og høyrt at feita vart brukt til lindring mot soleksem og tørre hender.

Ei oppskrift på blodpølsa henta frå kokebok for fagskoler i husstell frå 1972:

1/2 l blod, 50g halvgryn eller ris, 2,5 - 3dl mjølk, 100g tørka brød, 75g nyretalg, 50g rosiner, 50g sukker, 1 1/4 ts salt, 1/4 ts pepper, 1/4 ts nellikk, 1/4 ts ingefær, 1/4 ts allehånde. 

Bløyt grynene natta over, kokes i 15 min og avkjøl grøten. Ris behøver ikkje å bløtes. Bland i knust sikta brød, hakket nyretalg,sukker, rosiner og krydder. Spe i blodet. Fyll røren i sterke, litt vide tarmer. Sett eit pølsehorn i tarmen og fyll røren i med ei mugge. Fyll tarmen 3/4 full. Skyv ut luft, og knytt igjen for enden. Skyll pølsene i kaldt vann, hvis det er kommet røre utenpå de. Legg de i eit forholdsvis stort kokekar med kokende vatn, saltet vatn (1 ts pr l vatn). Legg dem flatt nedi, så innholdet ikkje renner ned i ene enden og stivner ujevnt, Kok pølsene forsiktig 5min. så det ytterste laget stivner før de blir prikket. Da siver det ikkje så lett ut fett. Ta dem  opp av kokevatnet og prikk de. Legg de tilbake i kokevatnet igjen, og la de koke forsiktig videre 1/2- 1 time etter tjukkelsen. De må væra heilt gjenomkokte. Prøv ved å stkke ei kakenål i de. Blodpølser må kokes forsiktig, de har lett for å sprekke.

Ta pølsene opp, og la de ligge et øyeblikk før de blir skåret opp. Da kryper de ikkje så lett ut av skinnet. Skjær pølsene på skrå i fine serveringsstykker. Server smeltet margarin eller steikt flesk og fruktmos og poteter til.

Blodpølser kan holde seg en tid når de blir oppbevart kjølig. De kan også dypfryses. Når de skal brukes etter at de er oppbevart, må de trekke ca. 1/2t i kokende vatn, så de blir gjennomvarme. Eller de kan steikes i margaring eller fett eller surre i mjølk. Denne røren kan også stekes i form som pudding.