Hopp til hovedinnhold

Stord Bygdekvinnelag

Rigmor Vikane

Rigmor Vikane

Prolog av Rigmor Vikane


Rigmor  skrev prolog til årsmøtemiddagen på Stord Hotell 17.3. 2018

Prolog til årsmøtemiddagen i Hordaland Bygdekvinnelag. 

Skrevet av Rigmor Vikane, stolt medlem av vertslaget Stord Bygdekvinnelag.

Kjære kvinnfolk, ka tenkjer de på, reiser frå både folk og hus

Til årsmøtehelg på Stord Hotell til eit liv i sus og dus.

Får vona at maten står laina klar i frysar og kjøleskåp

Så dei der heima om kokka drog, kan augna eit lite håp

Om kveldsmat ein laurdag og sjølv setja fram

Servitøren er vekke, det er mest ei skam.

I over eit døgn har de teke fri, utan tanke på dei som sit att

Ingen servitør eller ryddehjelp, ingen pleiar til å sei god natt.

Nei kjære alle som sit her ved bordet, 

Då eg vart spurd om eg ville ta ordet

Eg tenkjer å bruke dei store ord

Til kvinner som er av de beste på jord. 

Sjå på dykk sjølve ka de kan og vil

Og me ser jo alle at de får det til.

Eg er stolt av å vera Bygdekvinna

Å være i laget, det er som å vinna.

Om det er mattradisjoner de tek vare på

Og lærer bort kunsten til store og små.

Og det som gleder oss gamle i laget

Er at de unge er intresserte i faget.

Om mat som med lagar frå grunnen av

Er givande arbeid og slett ikkje kav.

Handarbeid av mange slag

Er tekne vare på i våre lag

Sy og strikka, ja endåtil veva

Og det ser ikkje ut som dei eingong må streva.

På rokken spinn dei den fine tull

Og vips så har dei gjort garn av ull.

Ander har gått med ein store draum

Å berga tradisjonar med bunadssaum.

Dette krev både kunnskap og flid

Og dette er arbeid som tek tid.

De har starta opp med barnehagar

Så bøndene fekk tryggare dagar.

Med små born i tunet, er farane mange

Maskiner og reiskapar tunge og lange

For om ein formanar og seier frå

Veit dei minste sjølv best kvar dei vil gå.

Til kvinner som kjem frå andre land

Me prøver å strekkja ut ei hand

Dei kjem hit til vår bygd og by

Og skal prøva å starta opp på ny. 

Me veit så lite kva dei har å bera

For det skjer så mykje grusomt  rundt i verda.

Om me berre kan hjelpa bitte litt

der dei strevar i kvardagen med sitt.

Me er nok meir like enn me ofte vil tru

Og difor me prøver å byggja ei bru

For kvinner er kvinner same kvar dei kjem ifrå

For heimen og borna vil me stå på.

I laga våre så er det ei plikt

At unge og gamle skal stilla likt.

Eg vonar at alle kan gi og ta

Då kan me som regel sjå det går bra.

Trur Bygdekvinner er ein eigen sort

Det synes på alt som me får gjort.

Me har eit verdisyn damer, som er så flott

At lever me etter det kan mange få det godt. 

Lukka til med årsmøte og festen, 

Og hugs at akkurat du er den gjevaste gjesten.