Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Me markerer kvinnedagen 8. mars

Me markerer kvinnedagen 8. mars

Guri Hjeltnes, foto Lars Opstad

Guri Hjeltnes, historikar og forfattar, direktør for Senter for studiar av Holocaust og Livssynsminoriteter, HL-senteret. Foto Lars Opstad

Mar
08
Fri

8. mars-markering

Heradsstyresalen
På e-post til ulvikbygdekvinnelag@gmail.com eller på tlf 45338400

8. mars-markering

I samarbeid med Haugesenteret vert det 8. mars markering i Heradsstyresalen kl. 19.00

Det lokale kvinnekoret Songria syng. 

Stein Arnold Hevrøy, konservator i Nynorsk Kultursentrum snakkar kort om norske kvinnelege poetar og les dikt.

Guri Hjeltnes: "Kva skjer med kvinners liv i krig?" 

Guri Hjeltnes er historikar og forfattar, og har i tolv år vore direktør for
Senter for studiar av Holocaust og Livssynsminoriteter, HL-senteret.
Ho vil på 8. mars reflektera over kvinners liv og erfaringar i tidlegare krigar og rundt pågåande konflikt i Midt-Austen.

Det vert servering av lokal eplemost og vårrullar
Gi melding om ev. allergiar ved påmelding

Inngangspengar: kr. 150,- for medlemmer og kr. 250,- for andre.

Betaling med Vipps

Påmelding til ulvikbygdekvinnelag@gmail.com
eller SMS til tlf. 453 38 400 innan 5. mars
Alle er hjarteleg velkomne!