Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Forfattar Bjørn Steinar Meyer. Foto: M. Hauso

Forfattar Bjørn Steinar Meyer. Foto: M. Hauso

Årsmøte med føredrag og heider til bygdekvinner


Nanna (Ragna) Øydvin og Karin Brandstveit vart velfortent heidra på årsmøte i Ulvik bygdekvinnelag. Bjørn Steinar Meyer fortalde frå boka si "Førerkvinnen", om bondekvinna Olga Bjoner.

Årsmøte i Ulvik bygdekvinnelag vart halde på Strand Fjordhotel 21.oktober 2019. Det vart servert god flamsk mat; heimelaga "Volauvent". Vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar og val vart vedtekne. Det vart ingen utskiftingar i styret, då dei som stod på val var villige til å ta attval. Kari Pettersborg held fram som leiar. Med seg i styret har ho Caroline Macay Freim, Ingrid Nummedal, Torill Opheim Heggseth og Margunn Hauso.

 

Ragna (Nanna) Øydvin og Karin Brandstveit fekk bygdekvinnelaget sine "Hustavler", som no er den høgaste utmerkinga i bygdekvinnelaga. Leiar Kari Pettersborg stod for overrekkinga.

Nanna har vore svært aktiv i arbeidsnemnda på vevstova i alle 36 åra ho har vore medlem i bygdekvinnelaget. Ho er ein habil vevar og har i snart fire tiår lagt ned mykje arbeid på vevstova. Som dei andre i arbeidsnemnda, stiller Nanna alltid opp og hjelper dei mindre erfarne vevarane.

 

Karin har gjennom sine 40 år som medlem vore ein positiv bidragsytar, både med dugnadstimar og med bakst til ulike anledningar. Ho var med i lokallagstyret frå 1985 til 1992.