Ei annleis kvinnedagsmarkering
Gratulera med dagen alle kvinner.
Idag samarbeida Ulvik Bygdekvinnelag og Ulvik Sokn om å laga til ei litt annleis 8 mars markering.
Sokneprest Anne Marthe Ulvik held ei flott gudsteneste, der ho hadde fokus på damene i bibelen. Når gudstenesta var ferdig, så var bordet dekka med bollar, kringla og sjokoladkaka(glutenfri), som bygdekvinnene hadde laga, så då var det klart for kyrkjekaffi.
Under kykjekaffien held Sarah Dijkstra apell, der ho hadde fokus på kvinners og jenters rettigheter, rettferdighet og handling. Vedlagt ligg apellen til Sarah, slik at fleire kan få med seg bodskapen.