Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Elvatun 26.januar 2022. Foto M.Hauso

Elvatun 26.januar 2022. Foto M.Hauso

Innblikk i to spanande liv


Det var bortimot rekordframmøte på Elvatun då bygdekvinnelaget inviterte bygdefolket til å bli betre kjende med to av innflyttarane våre: Halima Alrashid frå Syria og Vera Iversen frå Kirgisistan. 

Solgunn Wiik Bjørke samtala med desse to dyktige damene, slik at me fekk vite meir om deira heimland, oppvekst, skulegang, kulturbakgrunn, om kva dei har gjort etter at dei kom til Ulvik.

Halima kom til Noreg som flyktning for 6-7 år sidan og jobbar i Ulvik barnehage. Vera flytta til Noreg for meir enn 10 år sidan og har sidan 2019 vore teknisk sjef i Ulvik herad. Begge snakkar varmt om bygda og trivst godt!