Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Torbjørn Ljones alias Kvitanesen i Kvemmadokkje. Foto M.Hauso

Torbjørn Ljones alias Kvitanesen i Kvemmadokkje. Foto M.Hauso

Kvitanesen - nytt medlem i Ulvik Bygdekvinnelag


Torbjørn Ljones underheldt i bygdekvinnelaget og fekk medlemskap som påskjøning.

Etter eit halvår med Covid19, var det med glede at Ulvik Bygdekvinnelag tok oppatt aktiviteten 31.august 2020. Møtet var lagt til grindbygget i Kvemmadokkje . Med veret som spela på lag, vart utsynet til fjord og fjell ei ekstra vakker råme rundt samlinga

Kvemmadokkje      

Johan Børsheim fortalde levande om husmannsplassen Kvemmadokkje og om dei som har budd på plassen opp gjennom tida. Mykje arbeid med restaurering og oppbygging har gjort plassen til den kultursskatten han er i dag.

Torbjørn Ljones, foto M.Hauso

Torbjørn Ljones alias Kvitanesen kåserte og las eigne tekstar. Kvitanesen er ein ordsmed, og låtten sat laust blandt publikum .