Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Andrid Solaas Innset fortel om fagskuletilbodet. Foto M.Hauso

Andrid Solaas Innset fortel om fagskuletilbodet. Foto M.Hauso

Optimistisk på Hjeltnes


Tidlegare Hjeltnes vidaregånde skule er i dag ein del av Hyssingen produksjonsskule og Fagskolen i Vestland. Produksjonsskulen eit særs viktig tilbod til ungdom som har droppa ut av vidaregåande skule. Fagskuleutdanninga på Hjeltes utdannar innan aboristlære og lokal mat.

Avdelingsleiar Håkon Gjerde fortalde om produksjonsskuletilbodet, som har vore i gang sidan hausten 2018. Skulen tek i mot elevar frå heile fylket, noko som fungerer fint når ein har internat å tilby. Elevane jobbar i ein av dei fire verkstadane; maskin, natur og miljø, dataverkstaden eller i den nyaste verkstaden SoMe.

Fagskuletilbodet har vore på Hjeltnes 10 år og bortimot 50 arboristar har blitt utdanna her. Eit tilbod som kom til for nokre år sidan er fagskuleutdanning innan lokal mat. Dette er eit studium som gjev 120 studiepoeng og etterspørsel og tilbod er i vekst. Andrid Solaas Innset fortel at dei opplever å vera inne i ei svært positiv utvikling for skulen på Hjeltnes no.

Bygdekvinnene som kom på dette første møtet i laget i det nye året var imponerte over tilbodet dei har fått til på Hjeltnes.

Margunn Hauso fortalde frå Norges Bygdekvinnelag sitt inspirerande seminar i november 2019, der ho deltok saman med Ingrid Nummedal og Caroline M. Freim.

Asa Gunnarsdottir, leiar i Hordaland Bygdekvinnelag, informerte om arbeid fylkesstyret har med Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte som skal skipast i Bergen tidleg i juni. Ho inviterte og til Bygdekvinnestreif hjå Bjørgum Bygdekvinnelag 29.februar, der tema er mattradisjonar.