Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Samling i Årestova på Opheim (10.september 2019)

Det var god stemning og fullt kring borda då bygdekvinnene samlast i årestova hjå Francine og Knut Aase på Opheim. Eigarane er svært interesserte i gammal byggeskikk, og har gjort eit framifrå arbeid når dei har sett opp ei årestove av gammalt tømmer som ein del av huset sitt på Opheim. Med sans for tradisjonelle detaljar har dei gjort årestova til ein praktfull og naturleg del av huset.

Gjennom ulike stiftingar bidreg Knut Aase til bygningsvern i Hardanger. Til dømes har stiftingane Indre Hardanger Kulturvern og Seimstiftinga gjeve støtte til fleire hundre restaureringsprosjekt i Hardanger. Skifertak er særs prioritert i vern av bygningar, kunne Olav Seim frå stiftingane fortelje.

Me hadde med oss kaffi og god eplekake, som vart servert denne kvelden. Tradisjonen tru var det og utlodding, med lyng, sjokolade, kaffi og te som gevinstar.