Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Mange godbitar av brukte klede. Foto M.Hauso

Sosial kveld der kle bytte eigar


Det vart ein triveleg kveld då bygdekvinnelaget arrangerte sosialt samvær med klebyte på Strand Fjordhotel.

Klebyting er eit godt tiltak for å redusera forbruk av klede.

Då Ulvik Bygdekvinnelag inviterte til sin første klebytekveld nokonsinne, var det mange fine plagg som fekk ny eigar. Det er tilfredsstillande at plagg, som av ulike grunnar har blitt liggjande, kan få nytt liv. Det å få seg eitt "nytt" plagg på denne måten er kjekt.

Evelyn på Strand Fjord hotel diska opp med nydeleg graskarsuppe - med graskar dyrka på Undeland Gard. Attåt var det ferskt og godt brød brå Kàdn og Alde. 

Overskotet av klede var først tenkt levert til Fretex. Då Ulvik no ventar på flyktningar frå Ukraina, vil kleda bli lagra til ein ser om det kan vere aktuelt med ei kleinnsamling. Bygdekvinnelaget har meldt frå til heradet om at me står klar til å bidra i ei eventuell kleinnsamling.