Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Undeland Gard


Meir informasjon om Undeland gard finn du på heimesida: www.undelandgard.no

Trass at det var ein regnfull dag, var det godt frammøte då bygdekvinnelaget samlast hjå Undeland Gard 20.august 2019! Me benka oss i redskapshuset, der me fekk smaksprøvar av grønsaker dyrka på garden. Katinka Kilan fortalde engasjert om korleis ho og mannen driv økologisk andelslandbruk på garden, som dei kjøpte for fem år sidan. Me vart og vist rundt i åkrane der det var eit rikt mangfald av kjende og mindre kjende grønsaker.

 

 

un1_0.jpg