Hopp til hovedinnhold

Potetlefse på 123

Bygdekvinnelaget inviterte til Nøysom-webinar saman med Matvalget. Sjekk ute denne enkle og gode oppskrifta på potetlefse frå kveldens sending med Karen Lykke, Ann Kristin Wang og Kristoffer Ømark.

Potetlefse er enkel og berekraftig mat som alle kan lage heime på kjøkkenet. Nettopp det fekk vi oppleve under webinaret der det vart laga potetlefse med denne enkle oppskrifta på potetlefse som du lagar på 123.

Du kan velje sjølv om du vil ha litt størrelse på potetlefsa og steike på takke, eller du kan lage ei potetlompe som kan steikast på panne. Ein må altså ikkje ha takke for å lage potetlompe, den kan enkelt steikast på non-stick steikepanner. 

Potetlefse på 123, så enkelt og så godt.

Frå venstre Karen Lykke, Ann Kristin Møsth Wang og Kristoffer Ømark. 

Det finst mange oppskrifter på potetlefse, og på Bygdekvinnelaget si nettside for tradisjonsmat finn du fleire variantar av frå ulike delar av landet.



Om du gjekk glipp av gårsdagens sending kan du sjå denne videoen der Margrete syner korleis ein lagar potetlefser: Margretes potetlefse fra Romedal | Norsk Tradisjonsmat

Lefsa som det ligg oppskrift på under er den som vart vist på livesending 17. februar 2026. Den er enkel og god. 

Potetlefse på 123

Glutenfri lefse 

Om du vil ha ei glutenfri potetlefse kan du prøve denne oppskrifta der ein har brukt fin semper i staden for kveitemjøl: Glutenfrie potetlefser | Norsk Tradisjonsmat

 

Nøysom er eit to-åring prosjekt i Norges Bygdekvinnelag som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB. Nøysom skal inspirere folk til ein meir miljøvenleg og berekraftig kvardag. Å redusere matsvinn er eit av tema vi set søkjelys på i prosjektet. 

Samarbeid med Matvalget

Seminaret er ein del av Nøysom og eit samarbeid mellom Bygdekvinnelaget og Matvalget. Les meir om matvalget: matvalget.no

Ann Kristin Møsth Wang er rådgjevar i matvalget, der hun blant annet rettleiar skular, barnehager og sjukeheimar i eit berekraftig måltid. Ho har lang erfaring i drift og endring innanfor mat, vertskap og kultur. I tillegg er ho kokk, matstylist, kokebokforfattar og inspirator.

Kristoffer Ømark er rådgjevar og kokk i Matvalget. 

Karen V. Lykke er agronom, etnolog og professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på berekraftig matproduksjon frå jord til bord, og er oppteken av korleis tradisjon og innovasjon kan gå hand i hand på kjøkenet.

135 bygdekvinnelag med 300 aktivitetar

Eit mål i Nøysom er å skape møteplassar for barn, unge og vaksne som bidreg til meistring og fellesskap. Vi har stor tru på at det å sitte saman og lære seg praktiske ting saman kan gje meistring og inspirasjon til å lære meir, og ta fleire miljøvenlige val i kvardagen. 135 bygdekvinnelag har fått støtte til meir enn 300 aktivitetar i samband med Nøysom. Dei fleste Bygdekvinnelaga som før støtte til aktivitetar, kurs og verkstader har fleire samlingar, så støtta til 300 aktivitetar tilsvarar gjerne tre gangar så mange møteplassar med aktivitet. 

Les meir om Nøysom her!

Oppskrift på Potetlefse på 123