Send inn forslag til Bygdekvinneprisen!
Norges Bygdekvinnelag inviterer no til å nominere kandidatar til Bygdekvinneprisen 2025 – ein pris som løftar fram og heidrar kvinner som har turt å satse på eigne idear og skapt arbeidsplassar på bygda.
Prisen, som er på 20 000 kroner, skal synleggjere og støtte kvinnelege gründerar som viser mot, skaparkraft og nyskaping, og som bidreg til eit aktivt og levande lokalsamfunn.
– Gjennom Bygdekvinneprisen ønskjer vi å løfte fram dei mange dyktige kvinnene som skapar verdiar i bygde-Noreg, seier Anne Irene Myhr, leiar i Norges Bygdekvinnelag.
Send inn forslag
Du kan nominere både andre og deg sjølv til Bygdekvinneprisen.
Fyll ut nominasjonsskjemaet og send det på e-post til post@bygdekvinnelaget.no innan 20. oktober 2025.
Dette ser juryen etter
For å bli vurdert til prisen må kandidatane:
- Ha starta opp si eiga verksemd
- Drive verksemda i bygde-Noreg
- Ha søkjelys på miljø, berekraft og lokal utvikling
Prisen skal inspirere fleire til å starte opp arbeidsplassar og vere med på å forme framtidas bygdesamfunn.
Tidlegare prisvinnarar
Bygdekvinneprisen har tidlegare gått til kvinner som har vist stort engasjement og kreativitet:
- 2019: Karoline Sunde Storflor for direktesal av mjølk og sosiale møteplassar på garden
- 2020: May-Lis Ekstrøm Hoel for etableringa av Loftet Gardsbutikk og kafé på Eidsvoll
- 2021: Kristin Lemme for å skape arbeidsplassar og fremje likestilling