Hopp til hovedinnhold
Bygdekvinnelaget inviterer til webinar, der du lære å lage enkel potetlefse, og får tips til spennande og kreativt tilbehør.

Bygdekvinnelaget inviterer til webinar, der du lære å lage enkel potetlefse, og får tips til spennande og kreativt tilbehør.

Slik lagar du potetlefse til kvardag og fest!

Bli med oss inn på kjøkkenet saman med kokk Ann Kristin Møsth Wang og Karen V. Lykke tysdag 17. februar kl. 18.00–19.00.

Kva er eigentleg status for den norske tradisjonsbaksten? Er lefse og lompe ein kulturarv vi framleis kan bruke i kvardagen i 2026?

Finst det norske variantar, laga med norske råvarer, som kan erstatte importerte tortillalefser, pitabrød? Eller er tradisjonen for krevjande og komplisert for ein travel kvardag?

Kan vi våge å forenkle, og let det seg gjere i praksis å forenkle måten vi lagar lomper og lefser på, sjølv når dei fleste ikkje har lefsekjevle, takke eller tilgang på kers pink? Dette ønskjer vi å utforske saman med dykk i dette webinaret.

Praktisk, inspirerande og tilgjengeleg
Deltakarane får konkrete tips til korleis potetlefse kan lagast enkelt, også utan takke. Det blir vist ulike toppingar med alt frå klassiske til meir nyskapande variantar, og deltakarane får inspirasjon til korleis potetlefse kan brukast til middag, lunsj og kosemat.

Her vert det nyttige tips til både erfarne lefsebakarar og nybyrjarar! 

Det blir òg høve til å stille spørsmål og dele erfaringar, slik at alle kan lære av kvarandre og dele eigne tradisjonar.

Ope for alle
Webinaret er gratis og ope for alle – både medlemmar og ikkje-medlemmar. Det er ingen påmelding; det er berre å klikke seg inn og bli med: https://teams.microsoft.com/meet/35801189666719?p=IIxYRKEISvGo1cQks3

Om kurshaldarane

Karen V. Lykke er agronom, etnolog og professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på berekraftig matproduksjon frå jord til bord, og er oppteken av korleis tradisjon og innovasjon kan gå hand i hand på kjøkenet.

Ann Kristin Møsth Wang er kokk og matformidlar i Matvalget, og har lang erfaring med å formidle matglede og råvarekunnskap på ein engasjerande og inkluderande måte. Dette er hennar tredje digitale matkurs i samband med Nøysom-prosjektet.

Prosjektleiar for Nøysom Astrid Seime ønskjer velkomen. 

Seminaret er et samarbeid mellom Bygdekvinnelaget og Matvalget, og er en del av Bygdekvinnelagets prosjekt Nøysom.

Takk til Sparebankstiftelsen DNB for prosjektmidlar til Nøysom!

Bli med fra stova di – eller samle laget og sjå saman 😊