Hopp til hovedinnhold

Send inn søknad om momskompensasjon, og få tilbake pengar til mange kjekke aktivitetar i bygdekvinnelaget.

Søk om momskompensasjon!

Alle lokallag og distriktslag kan sende inn sin søknad om momskompensasjon til Norges Bygdekvinnelag innan 20. juni 2024, og få tilbake pengar til aktivitet. Sjekk i oversikta nederst i artikkelen om ditt lag har sendt inn søknad i år.

Norges Bygdekvinnelag sine lokal- og distriktslag kan sende inn søknaden om momskompensasjon for rekneskapsåret 2023. Frist 20. juni 2024. 

Send inn søknaden
Trykk på lenkja for å fylle ut og sende inn søknaden:  https://response.questback.com/norges_bygdekvinnelag/qh8uvdtkyx

Ha dokumentasjon tilgjengeleg
Lokal- og distriktslag skal ikkje sende inn signert årsrekneskap eller årsmelding. Det er likevel viktig at de har dokumentasjonen tilgjengeleg om lotteri- og stiftelsestilsynet eller Norges Bygdekvinnelag sin revisor etterspør dokumentasjonen. Ulike lag frå Norges Bygdekvinnelag vert kvart år plukka ut til stikkontroll.

Ver obs på dette når du fyller inn søknaden 
Bygdekvinnelaget nyttar forenkla søknadsmodell. Det vil seie at søknaden er basert på laget sine samla kostnader. Med andre ord, sum utgifter (kostnader) i rekneskapsåret – teke direkte frå årsrekneskapen. Det er få, om nokon korrigeringar. Dei kjem fram i skjema og gjeld ikkje mange lag.

Lag som har kostnader under 5 millionar treng ikkje godkjenning frå autorisert revisor. Noko som gjeld alle våre lag.

Alle lag må vere registrert i Frivillighetsregisteret
Det er eit krav at alle lokale og regionale lag som skal søke om momskompensasjon må vere registrert i Frivillighetsregisteret med eige organisasjonsnummer. Organisasjonsnummer er nyttig, og er noko bankane krev for å kunne ha konto i banken, Vipps eller liknande. Ved å vere registrert i Frivillighetsregisteret kan du også ta del i Grasrotandelen til Norsk Tipping.

Det er heilt gratis å stå i frivillighetsregisteret, og det er enkelt å registrere seg. Gå inn på Brønnøysundregistrene for å registrere laget:
https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/registrering-i-frivillighetsregisteret/

Før du skal registrere laget er det lurt å ha fødselsnummer på alle som skal registrerast med ei rolle (styret) og stiftelsesdokumentet klart. Om ditt lag ikkje har stiftelsesdokument kan du legge ved Norges Bygdekvinnelag sine vedtekter. Stiftelsesåret for Norges Bygdekvinnelag er 15. november 1946. Norges Bygdekvinnelag sine vedtekter finn du her! 

God moglegheit for å spare pengar
Momskompensasjon er eit verkemiddel for å styrke frivillige organisasjonar. Føremålet er å kompensere for kostnader friviljuge organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Distrikts- og lokallaga sender sin søknad til Norges Bygdekvinnelag som sender søknadene vidare til lotteri- og stiftelsestilsynet som behandlar søknadene. Norges Bygdekvinnelag får oversikt over godkjende søknader og beløp som vi skal fordele vidare. Dette får vi vanlegvis i midten/slutten av desember (2024).

Er du usikker og har spørsmål?
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Astrid Seime i Norges Bygdekvinnelag på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

Bygdekvinnelag som har sendt inn sin søknad 
Om ditt lag ikkje står på lista, så hugs å sende inn søknaden innan 20. juni 2024!
 

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag
Hustad Bygdekvinnelag
Sola Bygdekvinnelag
Furnes Bygdekvinnelag
Snåsa bygdekvinnelag
Hedmark Bygdekvinnelag
Svene Bygdekvinnelag
Torpa bygdekvinnelag
Kråkstad Bygdekvinnelag
Idd og Enningdalen Bygdekvinnelag
Gyland Bygdekvinnelag
Gyland Bygdekvinnelag
Gyland Bygdekvinnelag
Grytten BKL
Åsmarka bygdekvinnelag
Nore Bygdekvinnelag
Bygland Bygdekvinnelag
Aust-Agder Bygdekvinnelag
Vistdal bygdekvinnelag
Øvre Folldal Bygdekvinnelag
Leveld bygdekvinnelag
Høvåg Bygdekvinnelag
TIme Bygdekvinnelag
ULNES BYGDEKVINNELAG
Vivestad Bygdekvinnelag
Stord Bygdekvinnelag
Gran Bygdekvinnelag
Nedre Eiker Bygdekvinnelag
Erfjord Bygdekvinnelag
Ski Bygdekvinnelag
Skjelstadmark Bygdekvinnelag
Spydeberg Bygdekvinnelag
Samlaget for Bygdekvinnelagene i Stjørdal
Huglo Bygdekvinnelag
Sigdal Bygdekvinnelag
Eidsbygda Bygdakvinnelag
Aremark Bygdekvinnelag
Rendalen Bygdekvinnelag
Telemark Bygdekvinnelag
Årdal og Helgheim bygdekvinnelag
*Bjørgum Bygdekvinnelag
Rennebu bygdekvinnelag
Tinn Bygdekvinnelag
Moland bygdekvinnelag
Vang Bygdekvinnelag
Andebu Bygdekvinnelag
Fjellbygda Bygdekvinnelag
Vassås og Hof Bygdekvinnelag
Suldal bygdekvinnelag
Hærland   Bygdekvinnelag
GJERDRUM BYGDEKVINNELAG
Odda Bygdekvinnelag
Østre Udnes Bygdekvinnelag
Skjeberg Bygdekvinnelag
Bakke Bygdekvinnelag
Bø Bygdekvinnelag
Omvikdalen Bygdekvinnelag
Hordaland Distriktslag Bygdekvinnelag
Sand Bygdekvinnelag
Torpedal og Asak bygdekvinnelag
Undrumsdal bygdekvinnelag
Tysnes Bygdekvinnelag
Snertingdal Bygdekvinnelag
Gloppen bygdekvinnelag
Skedsmo Bygdekvinnelag
Lærdal Bygdekvinnelag
Målselv Bygdekvinnelag
Siljan bygdekvinnelag
Ålvundeid Bygdekvinnelag
Brandbu Bygdekvinnelag
Tretten Bygdekvinnelag
Gossen Bygdekvinnelag
Egdetveit og Vinje Bygdekvinnelag
Oppland Bygdekvinnelag
Hornindal Bygdekvinnelag
Hol Bygdekvinnelag
Grimstad Bygdekvinnelag
Svene Bygdekvinnelag
Oppheim- og Hauge Bygdekvinnelag
Sirdal Bygdekvinnelag
Marnardal Bygdekvinnelag
Marnardal Bygdekvinnelag
Brøttum Bygdekvinnelag
Nykirke Bygdekvinnelag
Akershus bygdekvinnelag
Nes bygdekvinnelag
Sognedalen Bygdekvinnelag
Gjerpen Bygdekvinnelag
Tylldalen Bygdekvinnelag
Rauland bygdekvinnelag
Norderhov Bygdekvinnelag
Buskerud Bygdekvinnelag
Nærbø Bygdekvinnelag
Tokke Bygdekvinnelag
Halsa Bygdekvinnelag
Nordre Modum Bygdekvinnelag
Heddal bygdekvinnelag
Ulvik Bygdekvinnelag
Romedal Bygdekvinnelag
Flesberg bygdekvinnelag
Hyen bygdekvinnelag
Sør-Trøndelag Bygdekvinnelag
Gansdalen Bygdekvinnelag
Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag
Trondenes Bygdekvinnelag
Klepp Bygdekvinnelag
Rogaland Bygdekvinnelag
Vestre Toten Bygdekvinnelag
Marker Bygdekvinnelag
Hof vestre bygdekvinnelag
Kjose Bygdekvinnelag
Grue bygdekvinnelag
Gjesdal Bygdekvinnelag
Berg Bygdekvinnelag
ØSTRE TOTEN BYGDEKVINNELAG
Varteig bygdekvinnelag
Råde Bygdekvinnelag