Hopp til hovedinnhold
Søk om momskompensasjon og få tilbake penger til aktivitet

Spar pengar, søk om momskompensasjon

Alle lokal- og distriktslag kan sende inn sin søknad om momkompensasjon til Norges Bygdekvinnelag innan 25. juni, og få tilbake pengar til aktivitet.

Norges Bygdekvinnelag sine lokal- og distriktslag kan no sende inn søknaden om momskompensasjon for rekneskapsåret 2021. Søknadsfrist: 25. juni 2022

God moglegheit for å spare pengar
Momskompensasjon er eit verkemiddel for å styrke frivillige organisasjonar. Føremålet er å kompensere for kostnader friviljuge organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

I fjor søkte 249 lokallag,13 distriktslag og Norges Bygdekvinnelag sitt sentralledd om momskompensasjon for regnskapsåret 2020. Norges Bygdekvinnelag oppfordrar alle lokal- og distriktslag til å sende inn søknad. Alle lag sender søknaden til Norges Bygdekvinnelag som sender den vidare på vegne av laga.  

Send inn søknaden
Send inn søknaden elektronisk ved å følgje denne lenkja: https://response.questback.com/norges_bygdekvinnelag/4wfdjsui0x

Vi oppmodar alle til å sende søknaden elektronisk sidan det er enklast for dykk.

Om du vil kan du sende søknaden som vedlegg i e-post til astrid.seime@bygdekvinnelaget.no eller i posten til Norges Bygdekvinnelag, postboks 9358 Grønland, 0135 Oslo. Nederst i artikkelen ligg lenkje til søknadsskjemaet i PDF og ecxel. 

Ha dokumentasjon tilgjengeleg
I år skal det enkelte lokal- og distriktslag ikkje sende inn signert årsrekneskap eller årsmelding. Det er likevel viktig at de har dokumentasjonen tilgjengeleg om lotteri- og stiftelsestilsynet eller Norges Bygdekvinnelag sin revisor etterspør dokumentasjonen. Ulike lag frå Norges Bygdekvinnelag vert kvart år plukka ut til stikkontroll.

Bygdekvinnelaget inviterer til zoom-møte tysdag 7. juni klokka 12.00 – 13.00
Sjå eigen e-post sendt til alle leiarar, nestleiarar og kasserarar med lenkje til møte for å delta eller send e-post til astrid.seime@bygdekvinnelaget.no for å få invitasjon med lenkje. 

På møtet får du ei kort innføring i korleis fylle ut laget sin søknad om momskompensasjon, og moglegheit til å stille spørsmål.
 
Ver obs på dette når du fyller inn søknaden 
Bygdekvinnelaget nyttar forenkla søknadsmodell. Det vil seie at søknaden er basert på laget sine samla kostnader. Med andre ord, sum utgifter (kostnader) i rekneskapsåret – teke direkte frå årsrekneskapet. Det skal ikkje korrigerast for noko. Det er nokre unntak, dei kjem fram i skjema og gjeld ikkje mange lag – om nokon.

Erfaringa frå tidligare år er at dei aller fleste lokallaga finn rett beløp for brutto (sum) driftskostnader. Likevel er det ein gjengangar at ein  korrigerer for kostnader som ikkje har meirverdiavgift, eller andre forhold ein trur ikkje er kompensasjonsberettiga. For lokallag og fylkeslag skal ein kunn oppgje summen av dei kostnadene (utgiftene) som laget har hatt i rekneskapsåret.

Lag som har kostnader under 5 millioner treng ikkje godkjenning frå autorisert revisor. Noko som gjeld alle våre lag.

Alle lag må vere registrert i Frivillighetsregisteret
Det er eit krav at alle lokale og regionale lag som skal søke om momskompensasjon må vere registrert i Frivillighetsregisteret med eige organisasjonsnummer. Organisasjonsnummer er nyttig, og er noko bankane krev for å kunne ha konto i banken, Vipps eller liknande. Ved å vere registrert i Frivillighetsregisteret kan du også ta del i Grasrotandelen til Norsk Tipping.

For å bli registrert i Frivillighetsregisteret, må ein først vere registrert i Enhetsregisteret. Du kan registrere laget i begge registera samtidig – eller berre i Frivillighetsregisteret, om de allereie er i Enhetsregisteret.

Det er heilt gratis å stå i frivillighetsregisteret, og det er enkelt å registrere seg. Gå inn på Brønnøysundregistrene for å registrere laget:
https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/registrering-i-frivillighetsregisteret/

Før du skal registrere laget er det lurt å ha fødselsnummer på alle som skal registrerast med ei rolle (styret) og stiftelsesdokumentet klart. Om ditt lag ikkje har stiftelsesdokument kan du legge ved Norges Bygdekvinnelag sine vedtekter. Stiftelsesåret for Norges Bygdekvinnelag er 15. november 1946. Norges Bygdekvinnelag sine vedtekter finn du her! 

Norges Bygdekvinnelag har laga ei rettleiing på både registrering og endring i registeret. Rettleiinga frå Norges Bygdekvinnelag finn du  her!

Spørsmål?
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Astrid Seime i Norges Bygdekvinnelag på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no