Hopp til hovedinnhold
Vi ser fram til å besøke Buskerud og den fine byen Drammen.

Vi ser fram til å besøke Buskerud og den fine byen Drammen.

Velkommen til Landsmøte i Norges Bygdekvinnelag

Norges Bygdekvinnelag inviterer til Landsmøte 2026. Saman med Buskerud Bygdekvinnelag ønskjer vi velkommen til Drammen 5.-6. juni. Alle medlemmar er velkommen til å delta!

Landsmøtet blir halde på Quality Hotel River Station, som ligg sentralt til i Drammen, rett ved sidan av togstasjonen. 

Delegater frå dei ulike distrikta blir valde på distriktslaga sine årsmøter. Delegatar med tale- og stemmerett får dekt opphaldet sitt av Norges Bygdekvinnelag. 

Alle medlemmer er velkommen til å delta og oppleve Landsmøtet. Som observatør får du innsikt i 
viktige diskusjonar og saker i organisasjonen og høve til å delta på sosiale aktivitetar, utflukter og kulturprogram. 

Landsmøtesaker
På landsmøtet i 2026 skal organisasjonen mellom anna ta opp:

  • Modernisering av formålsparagrafen 
  • Revidere politisk plattform 
  • Vedta strategi fram mot 2030 
  • Arbeidsplan for 2027-2028 
  • Velje sentralstyre 

Kulturprogram frå Buskerud
Buskerud Bygdekvinnelag har sett saman eit variert kulturprogram med både matopplevingar, turar og lokale kulturinnslag.

Torsdag 4. juni

18.30–21.30: Ølsmaking og omvising på Aass Bryggeri

Her får deltakarane eit innblikk i historia til Noregs eldste bryggeri, lære om bryggeprosessen og smake på ulike øltypar. Det blir servert smårettar. 
Pris er kr.  550,- 

Det tek om lag 20 min å gå frå hotellet til Aas bryggeri.  

Fredag 5. juni 

09.30–11.15: Tur til Spiraltoppen
Frå toppen av Bragernesåsen får ein flott utsikt over byen, elva og fjorden – og heilt opp mot fjellområda i Kongsberg og Numedal.

Turen heilt opp til Spiraltoppen er på 6,5 km, og vert rekna som noko krevjande. Om ein ønskjer ein kortare tur kan ein velje å snu ved Åspaviljongen. Då har du også kome så høgt at du får ei fin utsikt.

09.30–11.15: Guida busstur i Drammen
Turen startar ved Quality Hotel River Station. Her får deltakarane bli med på ei roleg og innhaldsrik rundreise i byen.

Det blir mellom anna omvising i Drammen Teater og eit besøk i krypten i Strømsø kirke frå 1667.

*Turen til Spiraltoppen og den guida bussturen er gratis. Merk deg at dei er på same tid, så ein her må ein velje kva ein vil vere med på. 

Festmiddag og kulturkveld
Fredag kveld blir det festmiddag, etterfølgt av kulturkveld med innslag frå Buskerud:

  • Sigrid Elise Fossan frå Rollag i Numedal. Ho er countryartist, låtskrivar og odelsjente med tradisjonen som fundament og musikken som drivkraft. Med en klokkeklar stemme og tekster som lukter jord, minner og lengsel, synger hun om livet slik det er – ærlig, nært og sterkt. Her får du country med norsk sjel.
  • Jon Kjøntvedt frå Nore i i Nore og Uvdal kommune er ung spelemann og felemakar. 
  • Ingun og sonen Gjermund Stræte frå Ål i Hallingdal. Dei spelar på torader, bukkehorn, lur, og dansar. 

Publikum får også oppleve samspel mellom dei unge utøvarane.

Laurdag 6. juni 
17.00: Tur til Fossesholm Herregård

Det blir omvising på herregarden etterfølgt av middag og dessert. 
Prisen er kr. 950,- inkl. buss tur-retur

Program for landsmøte-dagane 
Torsdag 4. juni  
Kl. 18.30 - 21.30 Ølsmaking, mat og omsyning på Aas bryggeri 

Fredag 5. juni 
09.00 - 12.00 Registrering 
09.30 - 11. 15 Gåtur til Spiraltoppen utsiktspunkt 
09.30 - 11.15 Guida busstur med omsyning i Drammen teater og krypten i gamle Strømsø kirke 
12. 00 - 13.00 Lunsj 
13.00 - 18.00 Landsmøte i Norges Bygdekvinnelag 
20.00 - 23.00 Festmiddag og kulturkveld 

Laurdag 6. juni 
08.30 - 16.00 Landsmøte dag 2 
17.00 Tur til Fossesholm Herregård, omsyning og middag 
 

Påmelding gjøres her

*Alle delegater får dekka sitt opphald frå fredag 5. juni til laurdag 6. juni. Dette inkluderer lunsj fredag og laurdag i tillegg til festmiddag og kulturkveld fredag kveld. 

Overnatting 5.-6 juni - observatør 
Enkeltrom 5.- 6. juni kr. 3955,- ( prisen inkluderer frukost, lunsj to dagar, festmiddag og kulturkveld) 
Dobbeltrom 5.-6. juni kr. 3360,- per person i dobbeltrom (prisen inkluderer frukost, lunsj to dagar, festmiddag og kulturkveld)

Pris for overnatting 4.-5 juni og 6.-7. juni (for delegatar og observatørar)
Enkeltrom 1390,- (inkl. frukost)

Dobbeltrom 795,- per person (inkl. frukost)

Deltaking på Landsmøtet på dagtid utan overnatting 

  • Dagpakke kroner 870,- per dag 
  • Festmiddag og kulturkveld fredag kveld kr 825,-  

Buskerud Bygdekvinnelag inviterer til turar og aktivitetar 

  • Torsdag 4. juni - Ølsmaking og omvising på Aass Bryggeri 550, per person 
     
  • Laurdag 6. juni - Tur til Fossesholm gård med omsyning og middag - 950,- per person
     

Meld deg på her 

*Distriktslag dekkjer reiseutgifter for sine delegatar. Reise fordelingsprinsippet, fordeling pr. delegat, vert lagt til grunn. Husk å ta vare på utlegg for reiser.