Hopp til hovedinnhold

Vinnarane av vårens fotokonkurranse er….

Bjørg Strømme, Ingun Maritt Orderud og Signe Lise Børve stakk av med dei tre første plassane. Gratulerer!

​Lauvet sprett, blomar spring ut, frø spirar og sola varmar kinn og sinn. Det er mange som har hugsa på å ta med kameraet ut på tur i vår. På instagram, facebook og e-post har me fått inn eit hundretals fargerike vårbilete dei siste vekene, takk for alle dei flotte bidraga!

Norges Bygdekvinnelag har kåra tre vinnarar som får flotte turklede frå Lanullva som har bidratt med premier:

1. plass – Bjørg Strømme (Fitjar): «Den søte og nysgjerrige flokken med andungar er eit godt bilete på korleis alt vaknar til liv om våren. Eit skikkeleg blinkskot!».

2. plass – Ingun Maritt Orderud (Sørumsand): «Biletet til Ingun Maritt av gåsungar ein litt tåkete morgon ved breidda av Glomma, er eit stemningsfullt bilete med gåsungane som ristar av seg duggen etter kvart som vårsola treng igjennom».

3. plass - Signe Lise Børve (Ullensvang): «For meg er dette òg eit nydeleg vårteikn, nemleg skitur i mai». Det skreiv vinnaren av 3. plassen om biletet sitt. Ho var ei av dei som la turen til Galdhøpiggen på sjølvaste 17. mai. Glade skifolk på rekke og rad med flagg i sekken: biletet syner fram eit flott turfellesskap i fantastisk natur.

I tillegg gratulerer me også Gro Serine Baarøy og Anine Imset  som får kvar si overrasking i posten for høvesvis 4. og 5.plass i konkurransen. Sjå alle bileta på: www.facebook.com/bygdekvinnelaget eller lenger nede i denne saken.

Hugsar du på å ta med kameraet eller mobiltelefonen når du er ute på tur, kan du delta i ny fotokonkurranse allereie til sommaren. Følg med på www.bygdekvinnelaget.no og www.facebook.com/bygdekvinnelaget for meir informasjon i juni!

Bygdekvinnelaget sine fotokonkurransar gjennom dei fire årstidene er ein del av Bygdekvinnelaget sitt prosjekt «Bygda i bevegelse»:

I 2016 løftar Norges Bygdekvinnelag fram kvardagsaktiviteten, og Bygdekvinnelaget sine lokallag inviterer i prosjektperioden til 650 opne folketurar over heile landet gjennom dei fire årstidene, med fokus på turglede og utemat. Målet er å gje deltakarane positive opplevingar i naturen, senke terskelen for å kome seg ut på tur og motivere fleire til å vere fysisk aktive gjennom heile året.