Hopp til hovedinnhold

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag

Fiskematkurs


Fiskegrateng, fiskebollar, fiskeball, blandaball, fiskepudding, fiskesuppe, fiskekotelett, nytrukket ørret i


rømmesaus, laks med agurksalat, prinsefisk, baccalao, sildesalat og fiskekaker, seibiff, kokt, stekt,


grilla, tørka, luta, grava, raka og salta! Er det noko vi har gløymt då?


Å, så mange gode fiskerettar det er! Med ei lang kystline, er den norske maten sterkt prega av rettar


med fisk. Tradisjonelle fiskerettar var ofte akkompagnert med kokte poteter og grønnsaker. For å ta


vare på fisken var det utvikla feire interessante konserveringsmetoder: tørrfisk, gravalaks,


rakfisk, saltfisk – kunne fisken vare lengre på ein eller annan måte, ja, så vart det gjort og


laga ein rett av det.


Så vi i Ørskog Bygdekvinnelag lufta ideen om det kunne vere av interesse for eit kurs med


tilberedning av fisk - til dømes korleis lage nydelege fiskekaker. Og ut av responsen skjønte


vi at det var det!

 

Laurdag 29. februar hadde vi da fiskematkurs på skulekjøkkenet på Ørskog skule. Fylkesleiar Monica Frisvold Vågan var dyktig kurshaldar. Ho starta med å fortelje litt om

bygdekvinner og arbeidet dei gjer. Ho fortalte og kven ho lærte å lage fiskemat av, som var far sin, som igjen hadde lært det av sin mor. Og det er nettopp dette tradisjonsmat handlar om; lærdom som går i arv frå generasjon til generasjon.

Det Monika ynskte vi skulle sitte igjen med etter kurset, var tryggheita på at dette er ikkje vanskeleg, og om ein

har fiskefiletane klare, så er fiskebollane laga på null komma niks!

 

Vi fekk mykje gode råd og veiledning, stemninga var lett og god og maten NYDELEG!

 

Det var ein lukkeleg gjeng som dro heim – ikkje berre med rause porsjonar med fiskebollar, fiskekaker og blandaball, 

men også med nyvunnen sjølvtillit for kva ein kan klare å lage heime på sitt eige kjøkken.

Må også nemne at både NRK radio Møre og Romsdal og avisa Nytt i Uka fatta interesse for fiskekurset og

bygdekvinnelag, så i forkant av kurset var vi både både på radio og i avisa!

Skrevet av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Ørskog Bygdekvinnelag