Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Bua på Heggerud, Harpefoss

Bua på Heggerud, Harpefoss

Bua på Gillebo systu'n, Øyer

Bua på Gillebo systu'n, Øyer

Matauk høyrer hausten til

I alle år har eg plukka bær, safta og sylta. Sjølvsagt i varierande mengder, og med varierande hell, men har kvar haust følt at eg må fylle opp. 

Hausten 2020 starta eit nytt kapitel hjå meg. Eg skal kjøpe norske grønnsaker, og så langt det let seg gjera berre det. Åra som har gått har lært meg at skal eg det må eg kjøpe inn i sesong å forvelle og fryse ned. For ikkje ein gong i frysedisken finn eg tildømes brokkoli om vinteren. Og lauk, kål og gulrot, i saman med poteter, meiner eg at vi skal finne i butikkane heile året. Men vi gjer ikkje det. Sjølv her om dagen kunne eg velgje mellom lauk frå Egypt, og New Zeland. Eg gjekk tomhendt heim. 

Så har heldigvis lokale gardbrukere opna små butikkar på gardane sine, som gjer at vi kan kjøpe #ikkjereist mat der. Det er så bra! Ikkje er det dyrare, og det gjev ein ekstra god følelse når du handlar direkte av bonden. Og du veit kvar det kjem i frå. 

 

Mi oppmodnig til alle Bygdekvinner, og andre. Etterspør etter Norske grønnsaker i butikkane, og no i sesong SKAL ein kjøpe norsk!Ferske grønnsaker frå Øyer