Hopp til hovedinnhold
Aksjonen bruk heile dyret handlar om å bruk fleire deler av dyret i matlaginga enn det vi har lagt oss for vane i dag.

Aksjonen bruk heile dyret handlar om å ta i bruk fleire deler av dyret i matlaginga enn det vi har lagt oss for vane i dag. Foto: Jens Fremming Anderssen

Bruk heile dyret

Norges Bygdekvinnelag vil få fram verdien av å bruke heile dyret. Både fordi det er berekraftig og fordi dei ulike delane gjev oss spennande oppskrifter. På verdens matvaredag 16. oktober markerar Bygdekvinnelaget dagen i heile landet.

Bruk heile dyret skal vere ein positiv aksjon for bruk av heile dyret. Tradisjonelt har nordmenn tatt i bruk fleire delar av dyret, men etter som færre bur på gard, og mange av desse heller ikkje slaktar sjølve, er vi ikkje lenger så medvitne på kva delar av dyret vi et. Bygdekvinnelaget vil løfte fram oldemor sitt prinsipp der alt som kunne brukast til mat vart nytta.

- Vi meiner matkunnskap er viktig for for å tørre å prøve nye rettar og minske matsvinn, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken og rådgjevar Astrid Seime i Norges Bygdekvinnelag. I aksjonen vil Bygdekvinnelaget òg løfte fram verdien av dyret, bonden, levande kulturlandsskap og lokal mat.

Aksjonerar på verdas matvaredag
På verdas matvaredag 16. oktober vil vi ha ein aksjonsdag der vi saman med Nortura, NorgesGruppen og Bama fremmar bruken av heile dyret. Verdas matvaredag skal skape merksemd kring behovet for nok og næringsrik mat for alle. Bygdekvnnelaget sine lokallag skal engasjere seg lokalt med både matkurs og andre aktiviterar og løfte fram bruken av heile dyret.

Heile 49 bygdekvinnelag har aktivitetar for å feire verdas matvaredag og markere bruken av heile dyret. Her kan du lese om kva Gjøra, Gossen og Sandnes har gjort! 

Ås Bygdekvinnelag er eit av mange lag som har sendt inn leserinnlegg for å løfte fram behovet for nok og næringsrik mat for alle. Her kan du lese kva dei skriv i Østlandets blad: "Ikke alle kan produsere alt, men alle kan gjøre det beste ut av de ressursene de har."

FN sitt bærekraftsmål 2 har som mål å utrydde svolt, oppnå matsikkerhet, betre ernæring og fremme berekraftig landbruk» innan 2030. Verdas matvaredag skal bidra til å setje søkelys på korleis alle kan ta ansvar for å bidra til dette. Å ha ei høg sjølvforsyning i Noreg er då solidarisk overfor andre land, og saman kan vi alle gjer ein forskjell for å få ei berekraftig utvikling. Noreg må bidra og nytte dei naturgjevne føresetnadene til å produsere mat innanfor eigne grenser. Ikkje alle kan produsere alt, men alle kan gjere det beste ut av det ein har. For å oppretthalde matproduksjonen er det lurt å kjøpe lokalprodusert mat og ta vare på matprodusentane våre, så dei bidra til å produsere sunn og næringsrik mat. 

La deg inspirere
Å nytte dyret frå hode til hale kan gje deg inspirasjon til å prøve nye oppskrifter. Til aksjonen har vi laga ei eiga brosjyre der du kan finne oppskrift på både lammegryte, blodpannekaker og kraftkoking. Sjekk ut brosjyra med oppskrifter her! 

Vil du bidra og dele dine oppskrifter?
Vi ser etter den beste oppskrifta som tek i bruk innmat eller andre delar av dyret som ikkje er like vanleg å bruke i kvardagen lenger. Kanskje nettopp du har denne oppskrifta liggande? 

Om du sit på ei eldgammel oppskrift fra innerst i ein vestlandsfjord, ein krydderrik rett fra eit anna hjørne av verda, eller ei nyskapande oppskrift som henter det beste fra alle kroker, har vi lyst til å smake. Les meir og send inn di oppskrift her!

Norsk tradisjonsmat
Norges Bygdekvinnelag har si eiga nettside der vi har samla oppskrifter på norsk tradisjonsmat i frå heile landet. Her kan du blant anna finne oppskrift på lammerull som tek i bruk ulike stykningsdelar av lam og sau

I Norges Bygdekvinnelag har mat og matlaging alltid vore viktig, og i 2019 vart Norges Bygekvinnelag rådgjvevande organisasjon for UNESCO, der vi har forplikta oss til å ivareta matkultur som immaterielle kulturarv. For matkultur handlar det om om praktisk læring der ein møtast og lagar mat saman der ein kjenner på maten og lærer seg teknikkane i frå nokon som kan det i frå før.  

På sjølve aksjonsdagen vil lokale Bygdekvinnelag løfte fram kvifor vi meiner lam er ein nasjonal matskatt:

  • Kulturlandskap. Lam nyttar dei lokale beiteressursane, dei gjer gras og plantar om til verdifull menneskemat og held kulturlandskapet ved like. Mange plantar, fuglar og dyr er avhengige av det opne landskapet som sauen produserer.
  • Lokal mat er bra for miljøet. Dei aller fleste lam går saman med mor si, søya, nesten heile livet. Søyer og lam beitar fritt ute der dei et gras, urter og småplantar, og lever difor eit godt og naturleg liv.
  • Lammekjøt er både mørt, smakfullt og enkelt å lage. Lam som beitar ved kysten, på fjellet og i innlandet har alle sin særeigne smak
  • Sjølvforsyning. Noreg må i solidaritet med andre land- og for å trygge eiga befolkning, ha ein eigen matproduksjon. For å ha eigen matproduksjon i framtida, og behalde bonden som kan gje kunnskapen vidare til neste generasjon, må vi kjøpe norsk mat.

 

Søya og lamma går saman ute på beite der dei gjer gras og plantar om til verdifull menneskemat.