Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Anne Mari og Bitten på Grøna

Trivelege dagar på Toten!

Ei triveleg helg på Toten, gjer godt for alle!

Kjersti tok i mot oss i tunet til eit triveleg døgn på Grøna skysstasjon.Under middagen fortalde Olaf Nøkleby  om setring, og den skikkelege gamle historia til Grøna. Om at Hovindsholm hadde Riddersæter som dei kalte Grøna da. Mykje har skjedd oppigjennom åra, og dei siste åra har Kjersti og mannen lagt ned mykje arbeid, og pengar(!) for å få til ein slik fin plass som Grøna er i dag. Etter ei god natt søvn, møtte Kjersti oss i døra til frokost, før turen gjekk med veteranbuss til Lina og Tor i Solheim, som har ein hage ein berre kan drøyme om! Etterpå gjekk turen til Peder Balke senteret før vi avslutta med nydeleg rømmegrøt, spekemat, kringle og kaffe hjå Martin og Caroline på setra! Artig og sjå og høyre korleis dei ser for seg det å vera bonde på Toten! Det vart skikkeleg fin dag, med triveleg selskap, fint program, stødig sjåfør og fint vêr!

 

Takk for oss Toten!