Brimlefse på Smalahovesleppet 🐏
Bygdekvinner frå Bjørgum laga tradisjonsmat på torget. Brimlefse var frå gamalt av brukt i baksteperiodane, og vart steikt om kvelden, som ei avslutning på ein lang bakstedag.
Like sikkert som hausten er her, stod Bjørgum Bygdekvinnelag med eiga stand på Smalahovesleppet laurdag 27.september 🐏
Mange var i sving båe før og på sjølve salsdagen på torget. Korv og flesk vart steikt opp i store mengder, mange liter pannekakerøra og store flatbrødknåer vart laga på førehand. I tillegg var det nokon som laga spannabresta, baka krotakake og litt flatbrød, som me og hadde for sal.
Brimlefsa laga me på staden. Flittige bakstedeier var i sving heile dagen med å baka flatbrød, som fekk eit lag pannekakerøra på, i tillegg til flesk og korv. Leiven vart bretta i hop frå fire sider til ein stor firkant, som so vart delt opp i fire betar. Brimlefsa selde me med rømme til, og folk stod i kø framføre salsbua for å sikra seg nylaga brimlefse og anna tradisjonsbakst.
Tilbakemeldinga frå folk var at det er ekstra kjekt å sjå korleis brimlefsa vert laga. Å høyra lyden av kjevle og kjenna lukta av steikt flatbrød, får fram gode barndomsminner hjå mange. For dei som ynskjer å prøva seg på å laga tradisjonsmat heima, var det råd å kjøpa boka "Tradisjonsmat" frå Bjørgum Bygdekvinnelag.