Foto.Aud-Marit Netteland
Foto: Aud-Marit Netteland
Randi visar korleis laga god rømmegraut   foto: Liv Spilde
Randi visar korleis laga god rømmegraut foto: Liv Spilde
Ivrige bygdekvinner vil sjå korleis få grauten til å skyta feitt.  foto: Liv Marion S.Grønås
Ivrige bygdekvinner vil sjå korleis få grauten til å skyta feitt. foto: Liv Marion S.Grønås
Tre ulike rømmegrautar klar til servering   foto: Bjørg A.Grønås
Tre ulike rømmegrautar klar til servering foto: Bjørg A.Grønås
God stemning rundt bordet  foto: Liv Spilde
God stemning rundt bordet foto: Liv Spilde
Tradisjonsmatboka fall i smak hjå kunnskapsberarane i laget vårt  foto: Liv Spilde
Tradisjonsmatboka fall i smak hjå kunnskapsberarane i laget vårt foto: Liv Spilde
Salet gjekk unna både med Vipps og kontantar  foto: Liv Marion S.Grønås
Salet gjekk unna både med Vipps og kontantar foto: Liv Marion S.Grønås
Brita, Brynhild og Randi - ekspertar på å laga god rømmegraut  foto: Aud-Marit Netteland
Brita, Brynhild og Randi - ekspertar på å laga god rømmegraut foto: Aud-Marit Netteland
Sprudlande velkomstdrink med smak av sommar og hylleblomst  foto: Aud-Marit Netteland
Sprudlande velkomstdrink med smak av sommar og hylleblomst foto: Aud-Marit Netteland
Bokansvarlege: Liv Spilde, Aud-Marit Netteland og Randi F.Opheim  foto: Liv Marion S.Grønås
Bokansvarlege: Liv Spilde, Aud-Marit Netteland og Randi F.Opheim foto: Liv Marion S.Grønås
Stemninga på topp - ler så me rista og kjem heilt ut av fokus  foto: Liv Marion S.Grønås
Stemninga på topp - ler så me rista og kjem heilt ut av fokus foto: Liv Marion S. Grønås
Klar for loddtrekning   foto: Liv Spilde
Klar for loddtrekning foto: Liv Spilde
Liv ynskjer velkomen til møte   foto: LIv Marion S.Grønås
Liv ynskjer velkomen til møte foto: Liv Marion S.Grønås
Mange som vil læra kunsten å laga rømmegraut  foto: Bjørg A.Grønås
Mangen som vil læra kunsten å laga rømmegraut foto: Bjørg A.Grønås

Bygdekvinnelaget i Bjørgum krins feira tradisjonsmat i bokform og med graut på fat

Mange tok turen til Solheim ungdomshus for å vera med på boklansering av Tradissjonsmat-boka og smaka på heimelaga rømmegraut og lefser.

Onsdag 24.april inviterte Bjørgum Bygdekvinnelag til ope hus for å formidla kunsten å laga rømmegraut på tre ulike måtar, og for å feira at no var endeleg oppskriftsboka til laget vårt ferdig. Alle som kom fekk stettglas pynta med jordbær og med sprudlande hylleblomsdrikka i. Snart vart det fullt rundt borda og ekstra stolar måtte fram til dei siste som kom. Liv Spilde ynskte velkomen til møte med tradisjonsmat på menyen og boklansering. Liv losa oss vel gjennom programmet for kvelden, som var krydra med den eine godbiten etter den andre. I tillegg til graut og oppskriftshefte på programmet var det og utlevering av kveldsturlista med mange spennande turmål og invitasjon til sommartur i juni. Førstehjelpskurs skal me og få vera med på i neste månad, og då kan me og melda oss på Inspirasjonsseminaret til Norges Bygdekvinnelag, som skal vera i Trondheim i november 2019. 

Boklansering -  Tre bygdekvinner frå laget har arbeida med å samla oppsskrifter på tradisjonsmat, hovudsakleg i frå grenda vår, i ei lita bok. Arbeidet med oppskriftsheftet/boka har vore spennande. Det er i stor respekt og takksemd dei har gjort dette arbeidet. På 1990-talet tok Bjørgum Bygdekvinnelag fatt på arbeidet med å skriva ned oppskrifter på flatbrød og krotakaker. Eg tar ein neve rug og ein slump med mjølk og vatn vart til gram, kilo og litermål. Etterkvart vart det og samla oppskrifter på rømmegraut og brimlefse. Randi Flatabø Opheim, ei av dei tre i boksnemnda, opna lanseringa av Tradisjonsmat-boka med eit innhaldsrikt og godt framført kåseri om historia til laget vårt og vegen fram mot å få samla oppskrifter på tradisjonsmat i ei lita bok med mykje innhald. Liv Spilde og Aud-Marit Netteland, som og har vore med i arbeidet med oppskriftsboka, fortalde om Tradisjonsmat-boka og arbeidet med den. Om ulike val i høve både bileter og oppskrifter, og om arbeidsprosessen med tre tydlege og ivrige damer med eit mål - å få til ei god bok som resten av laget kan vera nøgde med. Ein stor takk til Voss Prenteverk med god hjelp i utforminga av boka og til fotograf Kaia Tiivel og Norges Bygdekvinnelag for utruleg fine bileter me fekk til boka vår. Ellen Krageberg, leiar i Norges Bygdekvinnelag, skriv i magasinet Mat fra Norge: Mattradisjon og tradisjonell matkunnskap er viktig kulturarv. Hvis ingen dokumenterer tradisjonen og kunnskapen, forsvinner alle spor for videre gererasjoner.....I arbeidet med heftet har boknemnda henta informasjon og inspirasjon frå erfarne bygdekvinner i laget vårt. Den handbåren kunnskapen, og kalla immateriell kulturarv, er skriven ned for notida og for generasjonar som kjem etter oss. Bjørgum Bygdekvinnelag driv som andre lokallag aktivt med tradisjonsforvalting gjennom matkurs og praktisk formidling av matkunnskap. Dette arbeidet skal me fortsetta med - å laga, syna, servera og selja god mat basert på tradisjonar og gode råvarer. I dette arbeidet skal tradisjonsmat-boka fylgja oss. No er det slutt på å leita i skuffer og skåp etter oppskrifter til ulike bakekurs.

Rømmegraut - Denne kvelden gjekk det slag i slag. No var det grautkokarane sin tur til å fortelja og syna korleis laga god rømmegraut. Her måtte ein fylgja godt med for å henta med seg triks i tillaging av vellukka graut som skyt feitt. Brita Knapstad laga graut av fløyte og kefirmjølk. Kveitemjølet vart rørt ut i kefirmjølk, og sila gjennom dørslag og i gryta. Dette for å få graut utan klumpar. Randi Flatabø Opheim laga graut av seterrømme og H-mjølk. I denne grauten skal det vera både kveitemjøl og semulegryn, blanda saman før det vart sikta og så i rømme-og mjølkeblandinga. Her må ein vera forsiktig med mjølet for grauten tjuknar fort. Brynhild Tennebekk Bjørke stod for den glutenfrie varianten. Den lagar ein på seterrømme og H-mjølk, men har i Sempers mix i stadenfor kveitemjøl. Tre store panner med graut vart det laga, og alle tre var tomme før kvelden var slutt. Rømmegrautane smaka fortreffeleg med spekjemat, flatbrød og heimelaga raud saft til. Spennande var det å smaka dei ulike variantane. Alle tre smaka rømmegraut samstundes smaka dei ulikt. Dette er eit godt døme på at innanfor eit lokalt område finst det ulike oppskrifter på same retten.

Kaffi og lefser - Etter grauten vart det servert farmors gode ostelefser. Denne laga me på lefsebakedagen med Norges Bygdekvinnelag hausten 2018. Me sat att med mykje lefser, som vart lagt i fryseboksen til Ungdomslaget. Lefsene fann me att etter bakekursa og bakeveka me hadde i vår. Gledeleg overraska vart me - no var kaffimaten bokstaveleg i boks til boklanseringa og grautmøtet. Medan me kosa oss med kaffi og lefser og drøsen gjekk ivrig rundt borda, selde Bjørg Agersborg Grønås og Anne-Marit Lemme Eikefjord lodd. Premiane var mange og fine, så mange lodd vart kjøpt og delt ut denne kvelden. 

 Liv Spilde ynskte alle vel heim og me avslutta med songen. Å vesle lerka av Per Sivle. Godt nøgde bygdekvinner takka for seg og rusla ut i vårkvelden, nokon med gevinst under armen, mange med Tradisjonsmat-boka i handa og alle gode og mette på velsmakande mat og opplevingar i eit triveleg og inspirerande fellesskap. Grautkokarane og kjøkkengjengen - Berit Klyve, Elin Koppen og Randi Margrethe Bjørke stod på heile kvelden med matlaging, kaffikoking, servering og rydding. Med dykkar hjelp vart det eit vellykka aprilmøte.

 

 

Matkultur

Bygdekvinner tek vare på og formidlar vidare kulturarv innan mat. I 2018 fekk Norges Bygdekvinnelag tildelt UNESCO - status som matekspertar. Me har fått status som rådgjevande organisasjon innan handbåren kunnskap (immateriell kulturarv) og ekspert på tradisjonell norsk matkunnskap.

Bli medlem