Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Bygda i bevegelse

Bygda i Bevegelse - Hamaren

Rusletur, røye og rabarbra !

I kveld har vi hatt det tredje arrangementet i "Bygda I bevegelse".

Vi var 9 damer som møttes på brygga og tok ein tur på dei nye vegane i Hamaren, der hadde det blitt veldig fint, og finare blir det nok.

Etter turen samla vi oss ved grillen ved brygga. Grilla nydeleg fisk frå Telemarkrøye, Ingebjørg Aketun lærte oss ein enkel og rask måte å grille fisk på. Røya blei servert med brau og rabarbra- og ingefærchutney. Til dessert var det rabarbrakake og til drikke hadde vi rabarbrasaft.

Takk for turen damer og GOD SOMMAR !