Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Foto: Eva Greivstad

Om oss

Fyresdal Bygdekvinnelag vart stifta i 1938, og er eit aktivt lag som arbeider mot måla i Norges Bygdekvinnelag.

 Vi jobber med å:

  • samle kvinner som ser nytten av aktive bygdemiljø og primærnæringane
  • vere ein partipolitisk nøytral organisasjon som skal ivareta kvinnene og bygdefolket sine kulturelle, sosiale og økonomiske interesser
  • lagets arbeid bygger på likeverd, demokrati og kristen kulturarv.

Laget vårt har i underkant av 30 medlemar. Vi samarbeider med andre lag og organisasjonar i kommunen.

Medlemsmøta våre er alltid opne for alle.

Vi held ulike kurs t.d. innan handtverk og matkultur.

Vi har starta ein møtearena for kvinner som vi kallar for «Oss kvinner imellom».

Vi tek vare på kultur og tradisjonar m.a. gjennom faste årlege utstillingar.

 

Kontaktinformasjon

Leder: Gunlaug B. Kiland
E-post: gunlaug.kiland@gmail.com
Mobiltelefon: 994 32 748

 

Kort om Fyresdal

FYRESDAL – GJER DRAUMEN LEVANDE

Gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar, skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke.

Fyresdal er ein av dei vestlegaste kommunene i Telemark. Fyresdal grensar til kommunane Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark og til kommunane Åmli, Bygland og Valle i Aust-Agder fylke. Fyresdal (som inntil 1879 vart kalla Moland) vart etablera som ein kommune 1. januar 1838.

Dei viktigaste næringsvegane er jordbruk, skogbruk, handel og turisme, samt kraftproduksjon.

Fyresdal er kjend for sine mange funn frå vikingtida, mellom anna gravhaugar og restar etter slag. Nord for sentrum, i Hegglandsgrend, låg i tidleg kristen tid ei pilegrimskyrkje.

Landskapet i Fyresdal strekkjer seg frå omlag 275 moh. til 1294 moh. (Napuren). Her er eit varierande plante- og dyreliv, og mange små og store fiskevatn.

Innbyggjarar per 01.10.2018: 1 304.

Areal: 1 280,6 km2.

http://www.fyresdal.kommune.no/om-fyresdal