Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Dyrsku'n

I år er Dyrsku'n 150 år og vi er sjølvsagt med å jubilerar.
Håpar du og vil bli med å gjere dette til eit flott jubileum ved å ta ei vakt eller fleire for Bygdekvinnelaget.

Dyrsku'n er i år frå 9. til 11. september. Vi har som tidlegare to standar, ein i 2. høgda på Husdyrhallen og ein i Matteltet. 

Eit par lokallag har meldt frå om at dei kan ta ei vakt eller fleire, men fylkeslaget treng fleire som kan hjelpe til!

Fint om lokallaga gir tilbakemelding innan 10. august om kven som kan hjelpe til, gje tilbakemelding på e-post telemark.nbk@bygdekvinnelaget.no

Skriv gjerne kva dag det passar best å ta ei vakt!

 

På førehand takk og god sommar!

 

Med helsing

Bergit Li