Eplepressing og trylling med restar - fjerde og siste del av prosjekt Nøysam
Matsvinn var tema då 24 speidarar i alderen 8–13 år frå Aukra Speidargruppe, speidarleiarar, foreldre og bygdekvinner møttest siste måndagen i oktober 2025
Det var stor aktivitet både i grillhytta, på kjøkenet og i rommet der eplepressinga var på Klippen, speidarane sin tilhaldsstad, denne kvelden.
Speidarane fekk lære korleis restar frå grønsakskuffa kan tryllast inn i eit nytt, godt måltid og korleis både poteter, osterestar og mjøl som vi alltid har i huset lett kan bli til enkle, billege og gode rettar. Dei fekk også lage nydeleg eplemost - ein flott måte å ta vare på alle epla frå hagen heime ![]()
![]()
![]()




Alle fekk vere med på alt – her gjekk speidarane frå stasjon til stasjon til flinke bygdekvinner som stod og venta på dei, og du verden så flinke og interesserte speidarane var! Små og store på same gruppe. Alle samarbeidde og hjelpte kvarandre - vi er så imponerte over kor flinke og ivrege alle var!






Spennande og god Tryllewok med både grønnsaker, eple, litt kyllingbitar og nudlar, mjuke og fristande klappekaker, sprø og gode røstipotet og nydeleg eplemost - kjempegodt alt i hop. Her var det i alle fall berre blide ungar og tommelen opp då vi til slutt samlast inne i storsalen på Klippen for å smake på alt som var laga.





Kvelden handla om matsvin og korleis ta vare på og utnytte restar og det vi har i huset i nye rettar. Berekraftig, og ikkje minst enkel og lettlaga mat - også til inspirasjon for komande speidarturar med matlaging på bålpanna!


For bygdekvinnene vart dette ei fantastisk oppleving saman med speidarane på Gossen og ei flott avslutning på Prosjekt Nøysom - eit prosjekt om å dyrke sjøl, reparere og fikse kleda våre, bruke kjemikaliefrie vaskemiddel og korleis unngå matsvinn. Alt for ei meir berkraftig framtid!

Takk til Norges Bygdekvinnelag for prosjekt Nøysom - eit prosjekt som har gitt oss bygdekvinner mange flotte opplevingar saman med både små og store i lokalsamfunnet vårt!