Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Elevar fra Gossen barne- og ungdomsskole på torskefiske. Foto: Gunnar Høgseth

Fra fjord til bord


 


Bygdekvinnene med «Tradisjonsmatskolen» i samarbeid med skolen og «Den naturlege skolesekken» vart på alle måtar ein strålande skoledag med fokus på berekraftig matkunnskap frå start til slutt! Her var det ikkje lange vegen frå fisken vart dratt opp frå fjorden til ein hadde den ferdige fiskeburgaren i handa! Det må vel kunne kallast kortreist og lokal mat!


 

Endeleg kom dagen! 
Etter veker med regn og rusk kom endeleg dagen vi hadde venta på, og vi kunne samlast ute i småbåthamna i Juvika til ein annleis skoledag. Bygdekvinner, godt erfarne fiskarar, lærarar og elevar i 8. klasse på same lag – alt låg til rette for ein spennande dag og prosjekt "Frå fjord til bord".
Og ikkje minst - det var berre eit par veker ut i april, så sjansen for at den gyteferdige torsken framleis var i området var stor. 

Med lokale fiskarar ut på fjorden
Fiskarane frå lokalsamfunnet stilte velvillig opp med båtane sine for å ta ivrege elevar med ut på fjorden. Garn og liner som var sette kvelden før skulle takast opp - dette var spennande! 

Under kyndig rettleiing av Geir viser Johs-Elias stolt fram stortorsken.
Foto: Gunnar B. Høgseth

Dagens fangst

Hassan, Lucas, John Kristoffer, Kinga og Nora er tydeleg stolte over dagens fangst! Foto: Gunnar Høgseth

​​​​​Livslang læring
Godt og vel på land måtte garna greiast og fisken takast vare på. Elevane som hadde vore med å laga fiskereiskap og eigna line, skulle no greie garna, sløye fisken og filetere fisken. Då var det godt å ha erfarne læremeistrar! 

Verdien av å samlast på tvers av alder og generasjonar gjer at vi gjennom samarbeid kan hente ut erfaringar og kunnskap for livslang læring. Å møtast i eit prosjekt som «Frå fjord til bord» skaper i tillegg tilhøyrigheit til lokalsamfunnet og den kulturarven som fiske er på våre trakter.

Nora får god hjelp av Svein når fisken skal ut av garnet.
Foto: Kjellaug Urdshals

Først lære, så prøve sjølv! Abdi og Vilde samarbeider god om å bløgge fisken.
Foto: Kjellaug Urdshals

Biologitime i det fri
Eit innblikk i fiskens anatomi og levemåte høyrde også med. Det var tydeleg interessant å høyre om både skrei og lokal kysttorsk, lever, rogn, mjølke og gyting. 

Lærar Gunnar er ein god læremeister - her blir alt godt forklart!
Foto: Kjellaug Urdshals

Tradisjonsmat - lokalt, kortreist og godt!

Dette blir bra! Matteo og Mathias lærer å lage fiskefarse av Bygdekvinne Rigmor. Foto: Therese Naustdal

Bygdekvinnene stilte med 6 matlagingsstasjonar og to store grillar ute i det fri i småbåthamna. 5-6 elevar og ei Bygdekvinne på kvart lag - her vart det tid til både individuell rettleiing og ein god matprat. 

Med gode råvarer som filetar frå dagens fangst var det både enkelt og raskt å lage god mat frå botnen av.

Torskefilet til fiskefarsen frå dagens fangst - levert av dyktige elevar.
Foto: Kjelaug Urdshals

Selma har eit godt grep om kjøkenmaskin og ingrediensar. Foto: Helga Hjelmås

Fiskeburgarar - god, gammal tradisjonsmat i ny drakt!

Godt å ha store grillar! Foto: Gunnar Høgseth

"Beste burgar eg nokon gong har smakt".  Foto: Therese Nøstdal

Heimelaga fiskekaker har vore fast innslag på matbordet i vår kultur i lange tider, og kanskje kan denne tradisjonmaten bringast vidare i form av ein god burgar - då heimelaga, sjølsagt! Den smakte i alle fall fantastisk godt!

Tenk å få sin eigen «heimelaga» fiskeburgarar i handa før skoledagen var over! 

« Først så var vi utpå der og fekk nokon store fiskar, og no sit vi her og spiser burgar», kom det spontant frå ein gut som var mektig imponert over dagen.

«Frå fjord til bord» -  som hand i hanske i den nye læreplanen!
Dette var elevaktiv læring, djupnelæring og heilskapleg læring på sitt aller beste! Prosjektet vart eit glanseksempel på samarbeid og kva ein kan få til av verdifulle aktiviteter på tvers av generasjonar.
Ja, så vellukka var dette prosjektet at skolen meir enn gjerne ser for seg at elevar ved Gossen barne- og ungdomsskole også i åra som kjem kan få ta del i denne kulturarven. 

Berekraftig matkunnskap frå start til slutt!
"Tradisjonsmatskolen" og "Den naturlege skolesekken" vart på alle måtar eit vellukka prosjekt, og framfor alt vart det ein lærerik skoledag med fokus på berekraftig matkunnskap frå start til slutt!

Bygdekvinnene som var med i prosjektet var fulle av lovord! "Så kjekt for oss, og så artig å kunne bidra med vår matkunnskap til den yngre generasjonen!"

Svært fornøgde Bygdekvinner. Tradisjonsmatskolen 2021 vart ein stor suksess! Foto: Therese Nøstdal