Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Kvinnedagen 2026 i Aukra - eit tilbakeblikk

Kvinner i beredskap - matkunnskap , omsorg og styrke var tema da Gossen Bygdekvinnelag og Eining for innvandring og integrering for fjerde året på rad inviterte til markering av den internasjonale kvinnedagen.

Å løfte beredskap som tema på kvinnedagen handlar også om å stå opp for likestilling og sikre at kvinner har reell innflytelse. Kvinner må ha ei tydelig stemme og rolle i korleis samfunnet handterer og forebygger kriser.    

Årets kvinnedag kunne by på eit variert og interessant program med tre kunnskapsrike damer på scena og  nydelege musikalske innslag av Vaffeltausene gjennom heile kvelden. 

Beredskap gjeld oss alle - det er i lag vi er sterke. Difor var også mennene inviterte til årets markering av kvinnedagen. Stas var det då å sjå at mange menn var blant gjestane i ein i ein fullsatt Wickssal i Aukra kulturhus på årets kvinnedag.

Første innleiar var beredskapssjef Gunnhild Anett Naas frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Naas snakka om Totalforsvarsåret 2026 og understreka kor avgjerande frivilligheita er for beredskapen i Norge. Frivillige bidreg med unik lokal kunnskap, gir fleksibilitet og styrker samfunnets evne til å handtere utfordringar – nettopp fordi dei kjenner sitt nærmiljø og kan mobilisere raskt. 

Frivilligheita gir norsk beredskap den solide kapasiteten og samfunnsforankringa myndigheitene åleine aldri kan oppnå. I dag står frivilligheita som sjølve hjørnesteinen i både beredskapsarbeidet og det norske fellesskapet, og viser kor viktig det er å ha folk som stiller opp for kvarandre når det verkeleg gjeld.

Neste gjest på scena var Andrea Gerstenberger, ei av våre eigne Bygdekvinner. Ho har stor matkunnskap og kan det meste om korleis ta vare på maten. Surdeigsbakst, fermentering, hermetisering, salting, tørking, safting og sylting - her var det mykje som både motiverte og inspirerte dei frammøtte. 

Andrea gjer det praktiske enkelt og viser korleis gamle tradisjonar kan få nytt liv, og at mykje kan oppnåast med kunnskap og gode vanar.

I beredskapssamanheng er det heilt avgjerande å ta vare på maten slik at ressursane varer lenger og hushaldninga står sterkare i møte med uventa situasjonar. 

Med gode metodar for konservering og lagring kan vi sikre mattryggleik, redusere svinn og vere betre rusta dersom kvardagen blir snudd på hovudet. 

Andrea delte ut ein liten boks med tørka surdeigsstartar med lovnad om kurs i bygdekvinnelaget til interesserte - til stor motivasjon for mange som vil lære seg kunsten å lage surdeigsbakst. 

Å ha ein surdeigsstartar og meistre kunsten å bake surdeigsbrød er også god beredskap. 

Maria Berg Hestad var neste på programmet. Maria er bonde, grønsakdyrkar, forfattar og påverkar, og ho er kjend for å få folk over heile landet til å dyrke meir, bruke meir og kaste mindre. Mange har fulgt Maria gjennom «Det grønne skafferi», der ho viser korleis heilt vanlege familiar kan bli meir sjølvforsynte – steg for steg. 

No har Maria tatt over garden Kirkebakken her på Gossen, og har etter kvart blitt godt kjent med både jorda, folka og nærmiljøet her. Ho veit kor mykje kraft som ligg i å bruke det vi har rundt oss, og er ein stor ressurs også i lokalsamfunnet vårt.

På kvinnedagen snakka Maria varmt og entusiastisk om beredskap ved aktiv bruk – om korleis vi står sterkare som både private og lokalsamfunn når vi brukar kunnskapen, jorda og ressursane våre i praksis. 

Motkrafta til det globaliserte samfunn er sterke og robuste lokalsamfunn var Maria sitt sterke bodskap og oppfordring til heile lokalsamfunnet. 

Årets kvinnedag kunne elles i pausen by på eit fantastisk tapasbord med surdeigsbaguettar toppa med alskens godsaker og ukrainsk suppe med brød. Til dessert var det servert baklava med is - ein aldeles nydeleg dessert laga av syriske damer på øya. 

Her hører det også med til historia at bygdekvinnene hadde fleire små "workshops" i forkant for å lage surdeigsbaguettar, heimelaga kremost, fermenterte grønsaker og pølser. Her var alt lagt til til rette for ein heilaften på alle vis!

 

 

 

Norges Bygdekvinnelag vart i 2025 godkjent som beredskapsorganisasjon på matkunnskap og omsorg av Det Norske Storting. Matkunnskap, omsorg og styrken i det å stå saman i ei krise var difor det naturlege tema for årets kvinnedag. 

Fantastisk difor å ha tre kunnskapsrike damer som inspirasjon på kvinnedagen i år - ikkje minst sidan 2026 også er Totalberedskapsåret. 

Tusen takk frå oss alle til beredskapssjef Gunnhild Anett Naas, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, bonde, påverkar og forfattar Maria Berg Hestad og vår kunnskapsrike Bygdekvinne Andrea Gerstenberger for så velvillig å stille opp, dele av sin kunnskap og inspirere oss alle til å ha fokus på beredskap i kvardagen. Viktig å ha eit robust lokalsamfunnet om krisa skulle ramme. 

Gossen Bygdekvinnelag er no også medlem av det nyoppretta, lokale beredskapsrådet i Aukra kommune. 
 

Frå venstre: Kjellaug Urdshals (konferansier),  Maria Berg Hestad, Gunnhild Anett Naas og Andrea Gerstenberger. Foto: Thor Arne Aasen, Aukranytt