Hopp til hovedinnhold

Grimo Bygdekvinnelag

Velkomen til Grimo bygdekvinnelag!

Me treffast om lag ein gong i månaden, frå september til april. Då har me anten medlemsmøte, ofte med tema eller foredrag, eller samlingar der me lærar noko av kvarandre. Me er særleg oppteken av tradisjonsmat, og baking av mjølkekaker, potetkaker eller krotakaker står på programmet kvart år. 

Laget vart skipa i 1956, og har sidan starten jobba for at Grimo skal vera ein god stad å bu. Me bidreg med stort og smått, alt etter medlemmene sine interesser og ynskjer. 

Laget er ope for kvinner i alle aldrar, som har lyst å engasjera seg og skapa aktivitet i Grimogrenda, eller som vil vera med på aktivitetane våre. Det er høgt under taket, god stemning, og alltid plass til ei til.