Hopp til hovedinnhold

Grytten Bygdekvinnelag

Stor interesse for hesjinga
Ventar på høytørken

Vellukka olsokdag på Ner-Hole

Hesjing, spikking, rømmegraut og kaffi og kaker. Og naturlegvis loddsalg!

Toreveret som var meldt, heldt seg unna til lenge etter at vi avslutta sesongens siste kafe.

Dei fleste som var med og sette opp hes, hadde på tråd, raka eller hesja hadde vore med på dette før. Alle hadde (gode?) minne frå dette og diskusjonane gjekk livleg. No får vi berre håpe at det vert høytørk framover slik at jobben kan gje mat til trengande hestar!

Det vart spikka ein heil del knaggar av ivrige deltakarar. Rauma husflidslag stod for dette med sine dyktige handverkarar.

Grauten og kakene fall i smak - og viktigast av alt - folk fekk prata saman i det flotte sommarveret.

Vi gler oss allereie til neste sommar!