Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Plakat for temakveld med Eva frå Upscale

Temakveld med Eva frå Upscale

Temakveld med Eva frå Upscale

Hyen Bygdekvinnelag arrangerte open temakveld i samfunnshuset 15. februar kl 19.00. Vi fekk besøk av “Årets Gloppar 2023”, Evangeline Sessford, som fortalde om gjenbruksbedrifta Upscale.

Det var godt oppmøte rundt borda då Eva på Upscale besøkte Hyen for å fortelje om seg sjølv, prosjektet Upscale, og arbeidet med å gjere det lettare og kjekkare å vere miljøvennleg. Kvelden starta med ein allsong, og nokre dikt lesne av leiar Sølvi, og deretter fekk Evangeline ordet. Ho fortalde at ho vaks opp i ein nøysam heim med mykje gjenbruk i Canada. Allereie i barndommen lærte Eva mykje praktisk, blant anna å lage mat og sy med symaskin. Ho vart tidleg interessert i klimaet og valde seinare å verte klimaforskar. Ei venninne frå Stavanger reklamerte for studier på Svalbard, og der møtte Eva mannen sin, Vidar Nyhammar frå Sandane, og flytta først til fastlands-Noreg og deretter til Gloppen i 2018. Undervegs i studiane hadde ho tenkt over kor vanskeleg det er å nå fram til folk og påverke dei til å leve meir miljøvennleg, for mange har ein tanke om at viss ein skal leve slik at det er bra for miljøet, så må ein nekte seg alt og ha det traurig. Ho poengterte at det ikkje treng å vere verken vanskeleg eller kjedeleg å ta vare på verda rundt oss, og at ein ikkje skal langt tilbake før alle gjenbrukte det aller meste, heile tida.

Då Eva flytta til Sandane, sakna ho ein butikk som selde brukte kle, og tenkte at ho kunne prøve å lage det sjølv. Stigmaet mot gjenbruksbutikkar er ofte at dei er mørke, overfylte og rotete, og Eva ville at Upscale skulle vere annleis enn dette, med lyse fine lokale, god plass og lettfatteleg system. Samtidig ville ho at butikken skulle vere noko meir enn “berre” ein klebutikk. Ho valde å friske opp sykunnskapane og annonserte både reparasjon av klede og sykurs, slik at folk kunne lære å reparere eller sy nytt sjølv. Ho har blant anna hatt mange sykurs for barn frå 6-13 år, og dei ser ut til å setje pris på å mestre, og kunne lage skikkelege klesplagg til seg sjølv. Ein annan viktig del av Upscale er klesabonnementet, der ein betalar ein liten sum i månaden, og dermed kan hente ut like mykje klesverdiar som ein har levert inn. Dette gjer at ein kan ein teste nye plagg og variere klesstilen sin på spennande måtar utan å heile tida måtte kjøpe nyprodusert. Eva arbeider også med inkludering: Folk frå ulike nasjonalitetar har hatt språkpraksis på Upscale. 

 

Eva syr også om mykje sjølv. Blant anna vert gamle ullteppe og dukar oppskalerte til jakker, og skjorter vert omgjorde til skjørt. Ho syns det er spennande å lage redesign med uvanlege materiale, og har spesialisert seg på å sy toalettvesker og kalkposar til klatring av fargerike klatretau, og ryggsekkar av gamle sykkelslangar. Til temakvelden i samfunnshuset hadde Eva med seg nokre døme på sjølvproduserte varer, og desse vart sende rundt så ein kunne studere dei nærare. Eva fortalde også at ho har jobba nasjonalt for å få endra tungvinte lover for bruktbutikkar. Desse lovene er truleg grunnen til at det er betydeleg færre slike butikkar i Noreg enn til dømes Danmark og Tyskland. Bruktlova var laga for lenge sidan for å hindre heleri, men er no unødvendig, sidan andre lover har teke over dette ansvarsområdet. Eva har delteke på konferansar, debattar og samtaler og prøvd å påverke for å gjere det lettare å drive bruktbutikk.

Etter den interessante presentasjonen var det kaffipause med fastelavnsbollar. Undervegs i matøkta var det utlodning, og Hyen Spelemannslag tok turen opp frå øvinga i etasjen under for å spele tre slåttar for dei oppmøtte. Spelemennene følte dei passa godt inn i temaet gjenbruk, sidan det ofte er gode gamle “slagerar” som vert tekne opp att til program-spel; så også denne gong. Til slutt las Judit opp to artige dikt frå lagsavisa før i tida. Også her var gjenbruk berre flott! Bygdekvinnelaget konkluderer med at det var ein vellukka kveld og ynskjer alle velkomne attende ved liknande høve!