Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Eldhuset på Bråvoll

Eldhuset på Bråvoll

Kjekt å baka

Kjekt å baka

Ved av or

Ved av or

Dugnad i eldhuset


Dugnad i eldhuset. Krotekaker til gevinstar, til sal og til gåve.

Også i år stiller bygdekvinner opp til dugnad. Det skal bakast krotekaker i to dagar. Me treng krotekaker til gevinstar på loddboka og til sal på jolemarknad. Me ynskjer også å gje nybakte krotekaker til Bråvolltunet.

Det er mykje som må ordnast før bakinga tek til. Dei frivillige vert organiserte i bakelag. Eldhuset skal ryddast og reingjerast. Det må også fyrast opp ein dag før bakinga tek til. Helene tingar mjøl og set deig.

Så kjem bakedagen! Det er god varme i omnen når bakelaget møter. Snart er oppgåvene fordelte. Ei ordnar med deigen og lagar gode emne. Ei bakar, ei krotar og ei steikjer. Her går det unna, og stabelen med fine og gode krotekaker aukar jevnt og trutt.