Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Gjentar strikke-suksess


"Strikk på dalen" vart ein suksess i fjor, og vi er særs glad for å kunne fortelje at arrangementet går av stabelen også i år. 

Også i år har gjengen bak Strikk på Dalen klart å hanke inn spennande føredragshaldarar og utstillarar. Strikk på dalen vert arrangert 15.-16.februar. Sjå på vedlagt bilete for å få fullstendig oversikt over programmet desse to dagane.

Her kjem ein omtale av deltakarane:

Kristin Holte

Kristin Holte er utdanna yrkesfaglærar i design og handverk, har sveinebrev i strikking handverksfaget og ein master i Tradisjonskunst frå HSN. Kristin er ei kreativ dame som me gler oss til å møte. Ho har gitt ut bøkene «Votter og vanter» i 2010 (med forfattar Cathrine Glette), »Kofter» i 2012, «Strikkede Skatter»  i 2014, og sist boka «Krotekofter». Kritkroting er ein gamal dekorskikk som vart brukt til å dekorere tømmervegger i gamle stover på Vestlandet. Holte lagar kufter etter denne dekorskikken. Resultatet er spanande og me gler oss til å høyre meir om dette.

Annemor Sundbø, Ose i Setesdal

 Annemor Sundbø er utdanna frå Kristiansand Husflidsskule, Statens lærarskule i forming og Bergen Kunst og Handverkskole. I 1983 tok ho over Torridal Tweed og Ulldynefabrikk i Kristiansand med 16 tonn gamle strikkeplagg.

Har gitt ut mange bøker om mønster og strikking. Utstillingar i mange land. Kurs i spinning og toving i Europa, USA og Afrika. Skipa til landets fyrste strikkekafe . Det vert utstilling av sokkesamlinga og me gler oss til å presentera den.

 

Åse Bratland/Eikenes Sau & Silke. Gjetingsdalen

Folkekunst , tekstilfaglærar i forming, bunadssaum, kunstrykk på kler og no også geitebonde . Åse har kasjmirgeiter og eige garn av desse. Ho lagar garnpakkar med oppskrifter på ulike typar småstrikk. Ein draum å ha på pulsvantar frå Kasjmirgeita!

 

Elisa Helland Hansen, Seimsfoss

Elisa er mest kjend som ein strålande keramikar og som ein dyktig fotograf ! Ho har dei siste åra bruka Instagram til å presentera produkta sine og til å la oss følgja henne både i arbeid og reiser. Ei inspirasjonskjelde for mange . Det er nærare 20.000 som følgjer Elisa på Instagram . Du må ha eigen instagramkonto for å kunna delta på kursa hennar.

 

Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lindås

Hillesvåg Ullvarefabrikk er ein fjerde generasjons familiebedrift som produserer garn og karda ull til tøving.
Bedrifta held til i Hillesvågen, ein halvtimes kjøretur nord for Bergen. Dei har garn av høg kvalitet og mange ulike typar og leverer blant anna til Norges Husflid.

 

Kvist og Kvast, Stord

Lise A Nord fonn sin butikk finn du i Torgbakken på Leirvik. Dette er ein butikk med  mykje forskjellig garn , oppskrifter , tilbehør og alt du kan drøyma om i kvist og kvast. Ein ”livsstil” butikk. Ho kjem til Strikkpådalen med litt av kvart.

 

Trollkar, Haugesund
Heming Welde Thorbjørnsen starta verksemd med strikkedesign i 2014, og i 2015 bytte dei namn til Trollkar, samtidig med at dei lanserte eigne strikkegarn. Butikken i Haugesund opna 1. mars 2018.  

Namnet Trollkar datt ned i hovudet på Heming ein tidleg laurdags morgon i februar 2015. Du står sjølv fritt til å gi namnet den meininga du syns passar - kanskje det går troll i ord? 
Trollkar sine eigne strikkegarn er av høg kvalitet. Garn frå Trollkar er som regel av rein ull eller blandingar med mykje ull, og ulla skal vera så naturleg som mogleg. Difor er Trollkar sine garn ofte uvaska og aldri kjemisk behandla bortsett frå farging.  Det einaste garnet som inneheld syntetisk fiber er sokkegarnet Slitesterk. All ull i Trollkar sine garn kjem frå sauer som har levd godt. Merino-ull kjem frå land der mulesing er forbode.

 

Telespinn, Flatdal i Telemark
Telespinn er eit lite og miljøvennlig spinneri med butikk på garden Midt-Svartdal i Seljord i hjarta av Telemark. Dei produserer eige garn og tek  imot fiber for leigespinning.  Eigenproduksjon av garn frå  mohairgeit.  Einaste norske kasjmirgarn !

Eikenes Sau & Silke er ei av bedriftene som nyttar seg av Telespinn.

 

Rosenform, Rosendal

Rosenform ligg midt i bygda Rosendal og sel både garn og kler. Dei har Dalegarn og Raumagarn og det du treng attåt. Gunn på Rosenform er og med oss i Bygdekvinnelaget på våre strikke-kafear, noko me er svært glade for!

 

Knit Happens, Karmøy

To damer som held til på Avaldsnes i Karmøy Kommune

Siri Saltnes Haaland eig og driv butikken Nøsteliten .

Anette Lyngstad jobbar til dagleg som pedagogisk leiar i barnehage og har alltid strikketøyet med seg i veska.

Saman gav dei ut fyrste hefte med oppskrifter i 2017. Så kom boka Knit Happens i 2018.

Dei held foredrag fredagskvelden på Rosendal Turisthotell. Laurdag er dei på marknaden og signerer og sel boka si.

 

Ein Blå Tråd, Austrepollen

Dei kreative damene i Ein blå Tråd skal halde kurs for oss.  Alle har vel eit strikkeplagg som det enten er hol i eller er kokt ihel? No kan du ta det med å laga noko nytt av dette. Kreativt gjenbruk av strikk! Hol på sokk eller brot får du og løysing på.

 

Rosendal Bokhandel, Rosendal

Bokhandelen ligg midt i Rosendal og er så mykje meir enn ein bokhandel. Bente ”Bok” lagar til bok-kveldar med både kjende  og mindre kjende forfattarar. Her kan du setje deg ned i gostolen og bla i bøker, du får god hjelp og ho skaffar dei bøkene me måtte ynskja oss . Rosendal Bokhandel er saman med bygdekvinnelaget den som skipar til fredagskvelden med Knit Happens  på Turisthotellet.