Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Om oss

Det er kjekt å vere med i styret i Omvikdalen bygdekvinnelag. Vi jobbar med å skapa levande bygder, og det hadde ikkje vore mogleg utan dei kjekke medlemmane våre.

Sommaren 2018 var så heldig å motta den gjeve prisen som «årets lokallag» under Norges bygdekvinnelag sitt landsmøte i Harstad. Vi visste vi hadde jobba godt over fleire år, hatt stor aktivitet og ein formidabel medlemsauke, men kvifor var det nett vi som fekk utmerkinga i 2018? Det er jo så utruleg mange flinke, kreative og arbeidsame bygdekvinner rundtom i landet vårt!

Veksten i laget starta i 2013. Då var vi 34 medlemmer med høg gjennomsnittsalder. Styret hadde eit ønskje om fleire og yngre medlemmer. Vi inviterte rett og slett alle kvinner mellom 18 og 50 år i nærområdet, som ikkje var medlemmer, med eit personleg kort i postkassen til ein hyggjekveld med quiz og litt underhaldning. Vi serverte suppe og orienterte om laget sine aktivitetar. Det var denne kvelden den enorme veksten i medlemstalet auka!

Vi har jobba mykje med å vera synlege i lokalbefolkninga, og tok dåverande fylkesleiar, Margunn Hauso si oppfordring om å opne opp for at både medlemmar og ikkje-medlemmar kunne ta del i våre arrangement.

Men kva driv vi med i laget då, kva aktivitetar har vi og korleis organiserer vi dette?

Vi har månadlege treff med ein eller annan form for foredrag, aktivitet eller underhaldning. Dette er den sosiale møteplassen der vi også nyttar høve til ein runde med årasal for å få inn litt pengar.

Vi har strikke-kafear ca. seks gonger i året. Då er det herlege rundstykker, godt pålegg og te/kaffi på menyen for ein femtilapp. Ei gruppe på tre organiserer dette. Desse damene + nokre til står også bak «Strikk på dalen», som i 2019 blir arrangert for 2.gong. Vi håpar og trur dette blir ein tradisjon.

 Det er også ei eiga turgruppe som er ansvarleg for fem-seks turar fordelt utover arbeidsåret. Ein av tradisjons-turane er den årlege måneskinsturen til Aterstad i februar.  Vi prøvar å gjera oss kjend i eigen kommune, og jobbar difor for å få til turar i fleire delar av kommunen.

Sjølvsagt har vi ulike kurs. Det er alltid stor interesse for alt innan lokalmat. Vi har også fått til både herre- og damebunadskurs, samt kvaringakurs til Kvinnheradbunaden. To-tre kurstilbod pr. halvår er vanleg.

Vi må også få skryte av våre gode medlemmar: Vi har ei gruppe bygdekvinner som stiller opp i barnehagen seks-sju gonger i året og lagar skikkeleg middag med dessert.

Vi ser det som viktig å nå ut til alle aldersgrupper, derfor stiller laget opp og kokar graut når skulen i Omvikdalen har si juleavslutting, fleire engasjerer seg når klassar på Malmanger skule i Rosendal treng hjelp til å lære seg å strikke. I tillegg får helsestasjonen i Rosendal jamnleg inn babylabbar dei kan dele ut til alle nyfødde.

Vi er også aktive i integreringsarbeidet saman med Soknerådet der vi driftar eit fellesskap med fokus på mat og mattradisjonar.

Laget stiller også opp på arrangement der vi får selje mat, som til dømes grautkoking til «Jul i Rosendal», og mjølkekaker og betasuppe på «Open gard». I tillegg stiller vi villig opp dersom lag eller organisasjonar treng lunsj- eller middagsservering under ulike arrangement.

 

Om det er ynskjeleg med samarbeid er vi ikkje vonde å be! Vi likar å dra lasset saman med andre! I det store og heile: Å vera ei aktiv bygdekvinne er ei glede – og vi kan aldri få nok bygdekvinner som engasjerer seg!