Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Hagevandring

I kveld var 35 bygdekvinner på hagevandring i Gunvor og Jon Kåre Mæland sin hage. Og vi let oss imponere over den flotte hagen!!

Gunvor er utdanna gartnar. Mannen hennas John Kåre, har utdanning innan naturinventering og plantegeografi. Saman har dei laga ein draum av ein hage med både pryd- og nyttevekstar. 
Her fekk vi inspirasjon og mange gode tips.

Etter omvisninga i hagen gjekk vi ned til Rosendalstunet. Der var det utlodning og vi fekk servert kaffi og kaker.

Irene orienterte om pilotprosjektet «Sammen for inkludering» og om vidare plan for gjennomføring. Engasjement, idear og deltakelse i prosjektet vart ynskt velkommen:-)