Stell av “ Bunadsskattane våre“
Fekk gode tips og råd for av finstasen før mai.
Med mai og konfirmasjonar, 17 mai og andre festdager rett rundt hjørna inviterte vi til møte med informasjon om korleis vi kan stella bunadsskattane våre.
Vi var så heldige å få med oss Åse Bratland til å fortelje oss korleis me best kan ta vare på og stelle bunadane våre ug Atle Fredheim til å gav oss tips om korleis vi best oppbevarer og steller bunadssølvet.
Det vart ein lærerik kveld med Åse og Atle . Mykje kunnskap vart formidla til 28 damer . Bunad og tilbehør, historie og stell, ja her var det nyttig å høyre etter. Kaffi og nydelig kringla baka av Benthe , salg av årar og litt orientering om lagssaker vart det òg tid til.