Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Møtereferat 20.03.2024

Medlemsmøte 20.03.2024

Det var 14 stk som kom på møte.

Jenny ynskte velkommen. Ho var kommen i lett vårstemning og me song No livnar det i lundar til opning av møtet.

Sak 1- orientering frå årsmøte: mange som tok ordet, og alle takka Åsa for god jobb som distriktsleiar. Liv Kolskår frå Bjørgum vart vald som ny distriktsleiar og Inger Karin Dyrnesli vart vald som ny styremedlem.

I årsmøtetalen sin la Åsa vekt på samarbeid, både mellom bygdekvinnelaga og med andre lag i bygdene, slik som 4H, bondelag, ungdomslag. Det er viktig at bygdekvinnelaget er synleg på sosiale media, nytta heimesidene og facebook aktivt. Kanskje me bør oppretta ein instagramkonto, ein når ut til fleire yngre der enn på facebook.

Dei to innkomne sakene om fordeling av medlemskontingent og om fornya føremålsparagraf vart oversendt til landsmøte.

 

Sak 2 - #strikkung40. Leiar har sendt inn bilete og oppskrift på hue, hals og vottar. Det er Jenny som har strikka plagga, Maries har brodert på logo, og Margunn har etter beste evne prøvd å laga oppskrift. Resultata av konkurransen vert kunngjort på landsmøtet i Ålesund i juni.

 

Sak 3 - laurdag 20. april er det Streif på Fykse med bygdekvinnelaget sitt nye prosjekt, Nøysom, som tema. Det vert vurdert å leiga minibuss saman med dei andre laga for felles tur.

Nøysom prosjektet er i 4 deler:

  • Matsvinn – ressursutnytting og konservering
  • Dyrk sjølv
  • Miljøvenleg og kjemikaliefri heim
  • Laga og reparera kle og anna

Me kan søkja om midlar til å gjennomføra kurs, 7000 til kvart tema. Meir informasjon på NBK sine heimesider. Me ser for oss at me kan ha kurs om konservering av grønnsaker/frukt, reparering av kle og laga bivoksark.

Samarbeid med 4H om dette for å nå ungdommane.

 

Sak 4 – tysdagslunsj: 16.04 Ragnhild Winter, Marta Jorunn Almeland Kvamme, Jenny Lilletvedt og Marit Nyre Sleen

28.05  Anna Torhild Blikberg, Ingrid Jordalen, Astrid Bidne + ein som må veljast på neste møte. Det vert fiskesuppe denne dagen.

 

Sak 5 – bakedag 27. april i ungdomshuset i Haugsvik

Flatbrød – Målfrid Ure er lærar

Potetlefser – Tanya Gilbakken er lærar

Informasjon og påmelding kjem etter påske.

 

Sak 6 – Egdetveit og Vinje har gåturar i sommarsesongen. Dei som vil vera med må kontakta Kjellrun Hommedal, ho har ei messenger gruppe der turane vert annonsert dagen før turen.

Sak 7 – Leiar har fått spørsmål frå Leif Inge Hauge om bygdekvinnelaget vil vera med å ha aktivitetar på museet på Stalheim sundag 23. juni.

Maries Custers og Margunn Hylland vart utpeika til å vera med i nemnda der.

 

Sak 8 – Vårtur. Me vart einig om at me vil til Bergsdalstunet i år.

Sak 9 – Me har eit gåvekort på 500 kr på Vangen. Me vart einig om å bruka det på bowling til hausten.

Sak 10 – Vossasvinten er 22. mai i år. Me bør prøva å samla bygdekvinner frå alle laga og gå saman slik at me viser att i løpet.

 

Jenny og Ingunn serverte gode heimebaka påsmurde rundstykke, frukt og kaffi/te.

Deretter vart det bokbyte og plantebyte. Alle plantene og mykje av bøkene fann nye eigarar.

Vinnar av gevinst: Liv Karin Jordalen Bidne

 

Referent Astrid Bidne

Årsmelding 2020 Årsmelding 2021