Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Gudvangen Fjordtell var vakkert pynta

Ellen Marie Selland Geithung, Margunn Blikberg Nordgård og Åshild Giljarhus underheldt oss med vakker song og musikk

Blomehelsing frå Hordaland bygdekvinnelag i høve 70 års markeringa

Konfekt og pengegåver frå dei andre laga i Vossabygda

Adventsmøte/70 årsmarkering

6. desember var det klart for adventsmøte i Oppheim og Hauge bygdekvinnelag ⭐️

Som vanleg på adventsmøta var Myrkdalen og Egdetveit og Vinje bygdekvinnelag inviterte. Sidan me i år feira at det 70 år sidan laget vart stifta, hadde me invitert distriktsleiar og representantar for Bjørgum og Voss bygdekvinnelag.

40 damer hadde funne vegen til Gudvangen Fjordtel som var vakkert pynta med mykje lys og god varme på peisen 🌟

Ellen Marie Selland Geithung, Åshild Giljarhus og Margunn Blikberg Nordgård song og spela for oss 💖

Maten smaka veldig godt: Villsoppsuppe, lammesteik med rotgrønsaker og fløytegratinerte poteter og pannacotta med bærsaus til dessert.

Anna Torhild Førsund Blikberg gav oss eit innblikk i oppstart av laget og litt av dei viktige sakene opp igjennom åra.

Dei andre laga kom med helsingar og gåver i høve 70 års feiringa.

Så var det utlodding med mange gevinstar. Me takkar festlyden som handla ivrig ❤️

Som avslutning song me Fager er jordi 🌍🌟

Takk til alle for ei triveleg stund saman 💖