Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Ganske fullt i Storastovo på omsorgstunet

Agnete Hommedal Gilbakken og Maries Custers orienterte om røde kors omsorg sine tilbod

Anna Louise Røthe Lekve fortalde om demenskoret

Agnete Gilbakken takka Anne Grete Egdetveit og Hilde Knapstad Tveite for interessant foredrag om demensomsorg

Stort frammøte

Mykje god mat på bordet

Demensomsorg

Vossestrand røde kors omsorg inviterte dei tre bygdekvinnelaga på Vossestrand til informasjonsmøte om demensomsorg på Vossestrand omsorgstun tysdag 20. februar.

Nærare 50 damer møtte fram og fekk høyra eit særs interessant føredrag.

Agnete Hommedal Gilbakken og Maries Custers ynskte alle velkommen og gav ordet til Anna Louise Røthe Lekve som orienterte om demenskoret som møtest kvar tysdag frå kl 17 – 19 i Nabobeino. Der syng dei i ein time og så syter Voss røde kors omsorg for kaffi og vafler. Dei har plass til fleire deltakarar på dette tilbodet.

Vossestrand røde kors omsorg fortalde om sine tenester. Dei besøker folk både heime og på institusjon og går gjerne på tur med dei som ynskjer det. Dei kan òg fylgje folk til tannlege, lege, sjukehus eller til frisør og på butikken.

Hjelpepleiarane Anne Grete Lirhus Egdetveit og Hilde Knapstad Tveite har teke vidareutdanning innan demensomsorg.

Dei fortalde at ca. 100.000 personar i Noreg er ramma av demens. 60% av desse har alzheimer, resten har litt ulike diagnosar. Dei fleste som får demens er relativt gamle, men ca. 2000 er under 65 år. Like viktig er det å ta vare på dei 400.000 som er pårørande til dei demensråka. Dei vert ofte veldig slitne av alle utfordringane dei møter i kvardagen.

Anne Grete og Hilde tok oss gjennom dei tre stadia i demensutviklinga:

Det startar gjerne med at den ramma gløymer namn og kva ting heiter. Dei har problem med å halda orden og dei har problem med å orientera seg utandørs.

I andre fase gløymer dei gjerne daglegdagse gjeremål, har vanskar med å ta val og misser litt grepet på tilværet. Mange vert aggressive og snur gjerne døgnet. Det er i denne fasen dei fleste kjem i kontakt med helsevesenet.

I tredje fase opplever dei fleste betydeleg handlingssvikt og vert avhengig av fysisk hjelp til dei fleste daglege gjeremål. Språket sviktar meir og meir.  Dei fleste treng no så mykje hjelp at dei må bu på institusjon.

Det er viktig at den demensråka vert møtt med respekt. I møte med personar med demens må ein fokusera på personen og ikkje sjukdommen. Dei har vanskar med å følgja vanlege samtalar. Det er derfor lurt å snakka i korte setningar og berre gje ein beskjed om gongen.

Elin Bratthole fortalde om Voss herad sitt tilbod til personar med demens. Ved mistanke om demens går vegen via fastlegen som vidare kontaktar hukommelsesteamet i heradet. Då gjer ein sjukepleiar og ein ergoterapeut eit heimebesøk for å snakka med både den som muligens har demens og dei pårørande. Det vert gjort observasjonar over eit halvt år før pasieneten kan få diagnosen demens.

Å vera næraste pårørande til ein person med demens er særs krevande. Det er derfor viktig at dei får avlastning frå resten av slekta og andre rundt seg.

Det er ein stor fordel om det er skrive ein framtidsfullmakt som avklarar kven som skal trå inn når ein person ikkje er i stand til å ivareta sine økonomiske og andre interesser sjølv. Dette kan til eksempel banken hjelpa til å setja opp.

Etter alle desse orienteringane var det tid for mat. Som vanleg når bygdekvinnelaget er involvert, var det rikeleg og god mat å finna på bordet. Påsmurt, lappar med rømme og syltetøy, platekake og frukt.

Me takkar Vossestrand røde kors omsorg for ein triveleg og lærerik kveld.

 

Referent

Margunn Hylland