Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Utsikt frå Haugsvik mot Oppheim
Lappar og heimelaga syltetøy
Flotte påsmurde rundstykker

Medlemsmøte

Onsdag 15.mars hadde Oppheim og Hauge bygdekvinnelag møte i kyrkjestova.

Det var strålande sol på dagen og ein fin kveldshimmel, så no trur me på våren og starta defor møtet med å syngja Vesle lerka.

Me gjekk gjennom saklista til distriktsårsmøte og konkluderte med at vårt lag ikkje har nokon aktuelle kandidatar til styret.

Me oppsummerte klesbytedagen og vart einig om å prøva på nytt til hausten med litt endringar i opplegget.

Me vil på tur i mai/juni og kanskje ha ein stølstur i juli/august.

Bjørg S. og Kari sytte for god mat, med påsmurte rundstykke og lappar med heimelaga eplesyltetøy og jordbærsyltetøy.

Kvelden vart avslutta med å syngja Lev vel så vil eg seia.

Takk til alle for ein trivelg kveld 😊