Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Kjersti Graudo

Kart over Kyiv

Ungar med store dekorterte påskeegg på plassen framfor kyrkja

Møtelyden er ivrig lyttande

Stoffbutikk med fantastisk utval av fine stoff

Medlemsmøte

På januarmøtet vårt fekk me besøk av Kjersti Graudo som fortalde om korleis det var å bu med familien i Ukraina frå 2017 til 2020.

Mannen var kalla til teneste ved ambassaden i Kyiv og familien med 3 jenter vart med å flyttelasset.

Dei budde sentralt i gamlebyen ca 10 minutt gange frå Majdan-plassen og hadde gangavstand til mannen sin jobb, og til skule og barnehage til jentene.

Ho trudde i utgangspunktet at landet var grått og trist og prega av kriminalitet.

I staden fann ho eit vakkert land med hyggelege og hjelpsame folk. Det var mange vakre bygningar og mange kunstverk og utsmykkingar rundt i byen.

Men det er mange utfordringar når ein ikkje kan språket og til og med bokstavane ser annleis ut. Ikkje lett å orientera seg i matbutikken då 😀

Takk til Kjersti for eit interessant innblikk i eit land som er i ein heilt annan situasjon no i dag.

Takk til Kirsten og Anna Torhild som serverte lappar med rømme og heimelaga syltetøy, jolakaker og frukt 😀