Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Trine Teigen Rekve leiar for Home start Voss

Utan mat og drikke duger helten ikkje

Medlemsmøte

15. april hadde me besøk av Trine Teigen Rekve som er leiar for Home-Start Voss 

På Voss vert dette tilbodet drifta av Kirkens bymisjon.

Dei som melder seg som frivillige går gjennom eit 20-timars kurs før startar arbeidet.

Familiar med minst eit barn under skulealder kan melda inn at dei vil nytta seg av tilbodet. Den frivillige besøker familien i 2 -4 timar kvar veke i ca. eit halvt år.

Home-Start Voss har bruk for fleire frivillige, så det er berre å melda seg 

Ingunn og Astrid B sytte for god mat: påsmurt, islandskake og frukt.

Etter mat og kaffi gjekk me gjennom litt aktuelle saker i bygdekvinnelaget.

Mellom anna hadde me ein god bolk om beredskap. Maries hadde vore på møte mellom heradet og frivilligheita på tysdagen og Margunn følgde NBK sitt teamsmøte om beredskap på måndagen.

Mange hadde tenkt meir gjennom kva dei har i heimen etter møte med beredskapsleiaren i heradet.

Alle var samde om at bonden og aktivt landbruk over heile landet er avgjerande for beredskapen.

Ein ide var at me lagar ei beredskapsøving ein kveld med eit tenkt scenario der t.d. straumen vert borte i lengre tid. Kva gjer me då?

Alt i alt hadde me ein triveleg og nyttig kveld. 

Takk til alle som møtte opp.