Stølstur
Årets stølstur gjekk til Martheimstølen der Marit og Ole Andre har stølsdrift.
Det var helst kjøleg ute, men 17 vaksne og 5 ungar fekk plass inne i selet denne fredagskvelden.
Marit fortalde litt om drifta både heime og på stølen og svara på spørsmål frå dei besøkande.
Me fekk lappar med skikkeleg stølsrømme, moltesyltetøy og bringrebærsyltetøy, og me prøvesmaka smøret både med og utan urter. Riktig velsmakande alt saman.
Ein del av oss tok turen ut for å sjå på mjølking og separering.
Tusen takk til Marit, Ole Andre og Ingunn for ein triveleg kveld!